Kva i all verda skjedde? I motsetnad til den ganske stive og formelle første havkonferanse i regi av FN i New York i 2017 vart den andre mykje meir eldfull og mangfaldig.

Mogleg det var noko undertrykt reiseglede som gjorde at 6500 menneske møtte opp i Lisboa for å feira havet og spesielt detts evne til å bidra til ei berekraftig framtid.

Amund Måge, Marin direktør UiB Foto: Privat

Mot ei betre framtid

Dei 17 berekraftsmåla vart vedtekne av FN i 2015. Dei har mange gode tema og alle skal gje grobotn for endra politikk mot ei betre framtid, med konkrete mål undervegs og spesielt i 2030 då mange av våre utfordringar skal ha vorte mindre. På verdsbasis har berekraftsmål 14 om vern av havet ikkje fått den store merksemda og det var kanskje grunnen til at FN hadde ein eigen konferanse om SDG (Sustainable Development Goals) 14 i 2017. Her vart det for første gong bedt om frivillige bidrag til arbeidet i form av lovnader.

Universitet i Bergen lova støtte til og samarbeid med to marint orienterte universitet, Universitetet i Cape Town i Sør-Afrika og Universitetet for det sørlege stillhav på Fiji – og det har vi sanneleg gjort, men det er ein annan historie.

For å følgje opp arbeidet vart det annonsert ein ny hav-konferanse i Lisboa i 2020, men den vart altså utsett to gonger på grunn av covid, men siste veka i juni var det havsamling med statsleiarar i spissen og Portugal og Kenya som formelle arrangørar.

30 prosent vern innan 2030

Kva skjedde så eigentleg der sånn reint formelt? Jau, statsleiarar og andre prominente møttest i storsal og repeterte at dei verkeleg sto inne for berekraftsmål 14 om vern og berekraftig bruk av havet. I sluttresolusjonen måtte dei og be om orsaking for at dei mest ambisiøse måla som skulle vore oppfylt alt i 2020, ja det hadde dei nok ikkje klart.

Men dei sto inne for måla enno. No i 2022 er vi halvvegs til fristen for løysing av berekraftsmåla som vart sett for 2030. Ingen av måla vart eigentleg forsterka, i og med at det er vanskeleg nok å klara dei. Men enkelte land gjekk jo lenger og lovde å forsterka innsatsen på mange felt.

Her var blant anna «30 by 30» eit slagord og fleire land inklusive Colombia lova å verna 30 prosent av havområda sine innan 2030. Og enkelte forsterka samstundes Parislovnadene på klima med å teikna seg for klimanøytralitet innan 2040.

Men samstundes var det få som hadde oppnådd mål 14.5 som seier at vi innan 2020 skal verne minst ti prosent av kyst- og havområda, i samsvar med nasjonal rett og folkeretten, på grunnlag av den beste vitskapelege kunnskap tilgjengeleg.

Treng privat næringsliv

I høve til konferansen i 2017 var det denne gongen med langt fleire NGOar, (Non-Governmental Organisation), frivillige organisasjonar og næringsliv. Næringslivsdelen hadde stor eigen paviljong med mange gode seminar og konferansar. Vissa var stor om at utan privat næringsliv med på berekraftige endringar i havpolitikken, vil ein ikkje nå langt.

Det gjeld både forureining, berekraftig og forsvarleg hausting, og ikkje minst internasjonalt samarbeid. Det var også liv i gatene med ungdom som ville ha meir fart og som derfor stoppa trafikken.

For UiB var dette ein naturleg plass å markere avslutning på ein strategisk syklus der marin satsing har vore viktig. Vi deltok som ledd i nystrategi i 2017 og kunne no ha eige offisielt sidearrangement om å bygga partnarskap mellom akademia og næringsliv for å få til meir berekraftig bruk av havet.

Eit blått universitet

Det er jo lett å verte litt ironisk til ein del som møter opp og legg store summar på bordet for å ta varet på havet når dei har tent pengane på ikkje så berekraftig verksemd. Men det er då langt betre at noko vert pløgd tilbake til slikt arbeid enn at midlane går til fjas og større yachtar.

Så vil vel mange spørje seg om kvifor UiB brukar ressursar på berekraftsmål 14 – Livet under vatn? Svaret er at vi verkeleg vil vere eit blått universitet. Då må vi ikkje berre «talk the talk» men også «walk the walk».

Vi har oppnådd å verte utvalt som leiande for SDG 14 i i den internasjonale organisasjonen for Universitets (IAU) og for FN sin akademiske organisasjon (UNAI). Då må vi rett og slett vise at dette både kan og vil vi – det var dermed ikkje tilfeldig at vår rektor prioriterte å opne sidearrangementet vårt.

Dette er med å bygge dei små mursteinane som også er med på å gje grunnlaget for gode seriøse forskingssøknader, for at studentar vel å studere marine fag. Det skapar gode og spennande samhandlingar mellom akademia og næringsliv.

I 2025 vert det ny samling og då er endepunktet for berekraftsmåla berre 5 år unna. Vi kan jo håpa at den offisielle delen då ikkje må starta med å unnskylda dei måla som ikkje er oppfylt men heller å feire dei som er nådd.