Fiskeridirektoratet opplyser i ei pressemelding fredag at dei har dokumentert funn av mellom 5 og 10 tonn makrell på havbunnen.

Funnet er gjort på om lag 25 meters djup i eit område sør for Møvik på Sotra i Øygarden kommune. Dette er eit område som mellom anna blir brukt til låssetting av makrell.

– I samarbeid med Fiskeridirektoratet region Vest har vi fulgt opp tips om dumping av makrell i dette området. Ved hjelp av ein undervassdrone kom vi over store mengder død makrell som låg på botnen over eit stort område. Vi anslår at det kan dreie seg om mellom 5 og 10 tonn makrell, seier inspektør Jim Anders Edvardsen i Fiskeridirektoratets Sjøteneste.

Undersøker saken

Det er ikkje tillatt å sleppe fangst når det er fare for neddreping. Neddreping av fisk og brot på ilandføringsplikta vert karakterisert som miljøkriminalitet og fører til feil i kvoterekneskapen.

– Fiskeridirektoratet ser svært alvorleg på slik framferd, seier seksjonssjef Thord Monsen ved kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Det er vanskeleg å fastslå kor lenge fisken har lagt i området, og det er fleire som brukar dette området til låssetting av makrell.

– Vi undersøker saken vidara og har kopla på Analyseeinheiten vår i Vardø som ved hjelp av posisjonsdata og andre kjelder, kan gå tilbake og sjå på aktiviteten i dette området, seier Monsen.