Statsforvaltaren i Vestland har i dag stadfesta at han trekker si motsegn til planane om Stad Molo, eit stort nytt nærings- og hamneområde i Leikanger på Stadlandet. Det melder Stad Molo AS i ei pressemelding.

– Dette er ein gledas dag. No set vi full fart i prosessen med detaljregulering av Stad Molo, for å vere klare til å ta imot tunnelmassar frå Stad Skipstunnel, det seier Kenneth Brandal, dagleg leiar i Stad Molo AS.

Han trur prosjektet vil skape ei ny tid for Stadlandet med ringverknader for heile Vestlandet.

– Næringslivet og samfunnsutviklinga på Stadlandet er i vekst, og behovet for nytt og trygt nærings- og hamneareal er svært stort, seier Brandal.

Planen vart vedtatt av kommunestyret i Stad i februar 2022, med etterfølgjande mekling mellom Stad kommune og Statsforvaltaren for å avklare attståande varsel om motsegner. Denne meklinga har no ført fram.