Ulstein kommune fekk onsdag melding om tolv nye koronatilfeller i kommunen. Alle er knytt til eit utbrot i verftsindustrien, skriv NRK Møre og Romsdal.

Ti av dei smitta personane er gjestearbeidarar, medan ein er busett i Ulstein og den siste personen er tilreisande frå ein annan kommune i Norge.

Nærkontaktar vert hurtigtesta, skriv kommunen i ei pressemelding.