Det er påvist PD på lokaliteten månadar etter rømminga, men selskapet fryktar ikkje at den rømte fisken var smitta. Politiet skal no vurdera politimeldinga av selskapet.

Torsdag kveld 31. august i 2023 oppdaga tilsette ved Lerøy Vest Sjø eit større hol i ei not på lokaliteten Naveide i Austevoll kommune.

Holet blei oppdaga under ein ROV-inspeksjon før behandling etter at Fiskeridirektoratet hadde fått inn fleire tips om fangst av regnbogeaure i Korsfjorden-området. Holet var om lag 1,5 meter langt og rundt 1 meter breitt på cirka 3 meter djupn.