I januar i år oppdaga lokale fiskarar oppdrettstorsk på avvege. Først var det ikkje kjend kor dei kom frå, men etter kort tid blei det klart at dei sannsynlegvis kom frå Norcod sitt anlegg i Meløy.

Det førte mellom anna både til at Norcod fekk vedtak om å slakte ut merdane i området – og til ein nasjonal debatt om torskeoppdrett generelt.

No er det åtte månadar sidan rømminga blei oppdaga, men framleis står fleire spørsmål ubesvarte.