I Hurdalsplattforma til den nye regjeringa står det at fiskerihamnene skal gjerast til «eit statleg ansvar». Det står også at dette skal skje i dialog med fylkeskommunane. Dette skaper forvirring, skriv NRK.

Norske Havner, Norges Fiskarlag, Sjømat Norge, Norges Kystfiskarlag og Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFKK) har derfor bedd om eit møte med Nærings- og fiskeridepartementet.

– Så langt har vi ikkje fått noko svar, seier Kjell-Olav Gammelsæter, direktør i Norske Havner til NRK.

I alt er det om lag 800 fiskerihamner i Noreg.

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) har sendt eit skriftleg spørsmål til fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap), der ho ber han avklare kva som ligg i ordet «dialog» og om det vert mogleg å vidareføre eigarskapen til fiskerihamnene for dei fylkeskommune som måtte ynskje det.

Skjæran har førebels ikkje svart på spørsmålet.