I ein fellesaksjon på Sørvestlandet i midten av mai, vart det litt av ein «fangst» for Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Politiet og Statens naturoppsyn (SNO). Over 120 reiskapar blei beslaglagt.

110 teiner

Alle beslag blir meldt til politiet, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding onsdag.

Aksjonen gjekk over fire dagar og omfatta området frå Stavanger i sør og nordover til Austevoll i Vestland fylke.

– Vi beslagla i alt 110 teiner, ni ruser, eitt garn og ein snik (snøre med agn) i løpet av dei fire dagane. Fleirtalet av beslaga har kjent eigar og forholda vil bli anmeldt, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest i meldinga.

Reiskapane var ikkje røkta

Utgangspunktet for fellesaksjonen var reiskapar som står i sjøen, påbodet om nedsenka garn og ruseforbodet, opplyser direktoratet. Dei minner om at det er forbode å fiske med ruser i perioden 1. mai til og med 30. september i Sør-Norge.

– Mykje av reiskapane synest å vere gløymde og var ikkje røkta slik røktingsplikta tilseier. På den andre sida var det gledeleg å konstatere at mange av teinene vi kontrollerte hadde fungerande rømmingsvegar og det var lite død fisk og skaldyr i teinene som hadde korrekt innmontert rømmingsveg, seier Iden.