Styrk Eriksen har vunne Norges tøffeste, og med det er det tredje år på rad at nokon som jobbar med fisk vinn konkurransen – og andre år på rad at det er nokon frå merdkanten.

– Sinnssjuk stoltheitskjensle, seier Eriksen til Intrafish om korleis det var å stikke av med sigeren.

Han fortel at Slakteriet, ein uteplass i Hammerfest, har arrangert finalevising, der han har sett siste episode i lag med familie og andre som kom for å sjå.

– Det blir ikkje noko spesiell feiring på meg, men eg skal absolutt kose meg, seier vinnaren.

«Kjendisen»

Nokre dagar før finalen, snakka vi med Eriksen om korleis det har vore å følge med på programmet.

– Det kjennest litt som om eg opplev alt på nytt igjen, seier han.

– Kva reaksjonar har du fått?

– Dei fleste reaksjonane er frå bekjende eg møter i butikken og sånt, der dei som regel seier noko med «kjendisen» eller «å ja, Norges tøffeste», seier han.

Klar for nye utfordringar

I tillegg til siger, har Eriksen også vunnet i kjærleiken. Han skal nemleg no flytte sørover for å bli sambuar med ein av dei andre deltakarane – Rebecka Andersen.

Men det er ikkje berre flytting og kjærleiken som er nytt – han skal også gi seg med arbeidet på merdkanten.

– Til hausten er planen å ta opp litt fag frå vidaregåande, for å så søke inn på brannskulen. Det har ingenting med oppdrett å gjere, berre mine personlege ønsker om mi framtid. Eg synest oppdrett er eit veldig fint yrke der ein kan få gode og nye utfordringar, men no vil eg flytte ned til Rebecka og finne nye utfordringar, seier han, og legg til:

– Eg har ikkje sagt opp jobben min enno, eg skal enno sjå om eg kjem inn på det eg har søkt. Så eg jobbar framleis på merdkanten.

Så no er det berre for spente sjåarar å benke seg på søndag, for å sjå om merdkanten også i år er representert i finalen.

Tidlegare i vinter fortalde Eriksen til Intrafish om korleis han enda opp på programmet.

Vegen til Norges tøffeste

– Eg og nokre kollegaer sit på flåten og tenker «det der ser ikkje så vanskeleg ut».

Styrk Eriksen tar oss med tilbake til arbeidsdagen i fjor, då han og kollegaene sat og såg på Norges tøffeste – konkurranseprogrammet på NRK der deltakarane blir heftig utfordra både fysisk og mentalt.

Dei var alle einige om at det deltakarane måtte gjennomgå ikkje såg så tungt ut. Dei kunne vel like gjerne berre melde seg på sjølve?

20-åringen jobbar som driftsteknikar på ein båt knytt til Salmars oppdrettsanlegg i Kokelv i Finnmark. Der går arbeidet for det meste i plukking av daudfisk, vedlikehald og drifting av anlegget.

Det har han gjort i to år no.

– Det er veldig gøy, og ein veldig fin arbeidsplass, seier Eriksen, og skryt av dei han jobbar med. Det er dei som gjer jobben til det han er. Men det er meir som er positivt også.

Styrk Eriksen på jobb. Foto: Privat

– Det er veldig fint med ei veke på og ei av. Og så får du mat. Viss du et mykje er det veldig greitt med gratis mat, då sparar du mykje pengar, legg han til.

Planen til Eriksen var eigentleg å ta fagbrev til å bli industrimekanikar, men etter eit halvt år som lærling fann han ut at det ikkje var for han, og før det hadde han jobba to somrar hos Cermaq.

– Så då droppa eg ut som lærling og byrja å jobbe i staden for. Det har eg ikkje angra på, seier han.

Glad i utfordringar

– Kva er det beste med jobben din?

– Kollegaene, kjem det kontant.

– Og det mest utfordrande?

– Når det er dårleg vêr og du må ut og jobbe. Du må fôre – du må berre ut. Men det er også det eg synest er mest spennande, det er det som er gøy, legg han til.

Og kanskje er det heller ikkje den verste erfaringa å ha viss ein skal delta på Norges tøffeste.

– Har jobben gitt deg ein styrke?

– Ja, det trur eg absolutt. I kvart fall med operasjonar der du kanskje held på i tolv timar, seier han og held fram:

– Eg hugsar ein annan gong eg blei lånt ut til flåten. Det var dårleg vêr og vi skulle ha avlusing fem netter på rad. Då tenkte eg «shit, det er sjukt om eg kjem meg gjennom dette». Det var digg å klare. Og det er ikkje slik at dei fleste driv og jobbar sånn, der du både bur og jobbar på båt heile tida. Du blir tøffare mentalt, føler eg.

Traktordekk og hammar i hagen

– Korleis førebudde du deg til Norges tøffeste?

– Med ein gong etter første audition tenkte eg «shit, no må eg byrje å trene og springe», for det er eg sinnssjukt dårleg på.

Styrk Eriksen meiner arbeidslivet på merdkanten har gitt han ein styrke som deltakar på NRK-programmet Norges tøffeste. Foto: Privat

I tillegg byrja han å trene på det han såg deltakarane frå den førre sesongen slite med, som å springe med sekk og gjere burpies. Men det var ikkje treningsstudio som blei arenaen for 20-åringen.

– Eg byrja å trene mykje oftare, to-tre gongar om dagen. Vekter, kondisjon og klatring. I hagen hadde eg traktordekk og hammar, det skaffa eg berre fordi det er såpass kjende øvingar i programmet. I bilen hadde eg alltid klar ein sekk på litt over tjue kilo, sånn at eg berre kunne hive den på meg og springe litt med den.

– Kva vil det seie å vere tøff for deg?

– Det eg tenker på som tøff, er viss du klarar å stå i det. At du har det heilt jævlig, men du klarar å stå i det, og at du framleis klarar å fungere.

Jobbtur eller audition

Før Eriksen blei plukka ut som deltakar, måtte han gjennom tre rundar med auditionar.

– Til den siste måtte eg møte i Oslo og det var same helg som jobben skulle til Levi i Finland, så eg måtte velje mellom audition og turen.

Det blei audition på Eriksen, men sidan han ikkje kunne fortelje kva han skulle, var det fleire av kollegaene som lurte på kvifor i alle dagar han ville til hovudstaden i staden for å bli med til Levi.

No når dei veit korleis alt hang saman, er det berre støtte å få frå kollegaene.

– Dei synest det er skikkeleg kult og berre stas, fortel Eriksen.

Havbrukstilsett vann i fjor

Arbeid med fisk har tilsynelatande blitt ei suksessoppskrift når det kjem til Norges tøffeste. I 2021 vann fiskaren Isak Dreyer, og i fjor var det oppdrettsarbeidar Sondre Lernes frå Heim i Trøndelag som vann programmet.

Du kan lese mer om Lernes her:

Også Lernes jobbar i havbruksnæringa. På eit bilde frå programmet Eriksen nyleg la ut på Instagram, har Lernes kommentert at han «ikkje må øydelegge sigersrekka til havbruk».

– Du har store sko og fylle no?

– Ja, det set meir press, det gjer det, seier Eriksen.

Til Lernes' sin kommentar har Eriksen gitt det kryptiske svaret «ja, vi får sjå». For korleis det har gått med han i programmet, må sjølvsagt haldast hemmeleg.

Då fiskar Isak Dreyer vann konkurransen vart det ingen særbehandlling på jobb:

Hemmeleghald

At Eriksen i det heile tatt skal delta i programmet, har også blitt haldt hemmeleg heilt til NRK no presenterte årets deltakarar. Då han fekk vite at han blei plukka ut, var han på jobb på båten på veg frå Øksfjord til Alta.

– Dei ringer meg og seier dei har ein gladnyheit, men eg torde ikkje seie det til dei andre, så eg måtte late som at det var nokon andre som ringde.

Eriksen fortalde til dei aller nærmaste at han var plukka ut, men utanom det kunne ingen få vite det.

– Eg var nettopp i førstegongstenesta, frå august til januar, så det var gøy å halde det hemmeleg der, seier han.

«Søring-program»

Det blei ikkje slik at alle kollegaene som sat den dagen og såg på tv-programmet melde seg på som deltakarar. Faktisk var det berre Eriksen som gjorde det – dei andre var blitt for gamle. Øvre aldersgrense er nemleg 30 år.

– Så er det store spørsmålet: Var det så lett som de fekk inntrykk av då de såg på programmet i fjor?

– Det var ikkje så lett som å sitje inne og sjå på, flirer Eriksen.

No gler han seg til premiere, og håpar hans deltaking kan føre til at fleire i Finnmark får auga opp for programmet. Foreløpig har han nemleg ikkje inntrykk av at så mange heilt i nord veit kva det er for noko – det er heller meir eit «søring-program».

– Trur det blir kleint

– Korleis blir det å sjå seg sjølv på tv?

– Eg trur det blir veldig kleint. Til audition skulle du sende inn video av deg sjølv, og eg hugsar eg sat midt på natta på flåten og vurderte om eg skulle gjere det. Eg klarte ikkje sove på grunn av det, så eg tenkte berre «faen, eg må gjere det». Det var sinnssjukt kleint, og så må du sjå gjennom etterpå for å sjå om det ser greitt ut … Så det å sjå det på tv, eg veit ikkje. Eg trur det blir kleint, seier han.

– Kanskje det å tole å sjå det blir den største tøffheitsprøvelsen?

– Haha, ja, eg trur faktisk det.