21 år gamle Ingrid Natvik Rong har alltid hatt interesse for sjøen og havet. Alt som finst der og alle moglegheitene det byr på. Faren hennar dreiv tidlegare med lakseoppdrett, og er ein av grunnane til at ho tidleg blei introdusert for og interessert i næringa.

Som ingeniørstudent innan havbruk på NTNU i Trondheim, består framleis Rongs interesse for laks– og havet som ressurs.

– I desse dagar kan vi bruke havet både til mat, energi og transport. Eg synest det er superkult at vi kan bruke havet som ein ressurs, og ikkje minst at det lar oss produsere verdas mest berekraftig protein, seier ho, og legg til:

– Så håpar eg vi som blir utdanna no kan bidra til litt færre negative oppslag.