– Utbygginga vil gjera oss i stand til å produsera større volum, skriv Seashore-konsernet i ei pressemelding onsdag.

– Dette er ein stor dag for oss og det er kjekt å kunne fortelja om dette no, seier utviklingssjef i Bremnes Seashore, Simon Nesse Økland, til IntraFish.

Utvidinga forklarast med at forbrukarane spør etter meir foredla produkt, og den nye fabrikken gjer selskapet i stand til å foredla betydeleg større volum enn i dag, samtidig som dei skal utvida talet på produkt.

Simon Nesse Økland. Foto: Kjersti Kvile

– Kor mange arbeidsplassar vil ein ny fabrikk gje?

– I dag har vi nær 300 arbeidsplassar — frå opptak av laksen til han vert lasta inn på trailerane. Det vi skal gjere no, er å ta i bruk ny teknologi. Så i første omgang blir det nok ikkje fleire arbeidsplassar, men det blir betydeleg meir volum som blir produsert. Nye arbeidsplassar vil komme i skjeringspunktet mellom robotisering, automatisering, næringsmiddelproduksjon og mikrobiologi. Den framtidige fiskeindustriarbeidaren vil ha meir kunnskap om dette, seier Økland vidare.

Ferdig i 2023

Første steget er bygging av ny kjølehall, før selskapet går i gang med ny foredlingsavdeling. Prosjektet har ei ramme på over 400 millionar kroner og vil etter planen stå ferdig innan utgangen av 2023. Fabrikken skal ha full produksjon i heile byggeperioden.

– Forbrukarar over hele verda kan derfor snart sjå fram til fleire produkt frå Bremnes Seashore, Salmon Brands og Sjór, seier administrerande direktør Einar Eide, i pressemeldinga.

Bremnes Seashore skriv i meldinga at dei med den nye fabrikken vil nytta råvareressursane betre ved at dei foredlar ein større del av lakseproduksjonen sin, og dessutan utvikla foredla produkt frå større delar av fisken.

– Med denne utbygginga vil me ta nye steg i forskings- og utviklingsarbeidet. Samstundes vil me skapa ein enda betre arbeidsplass for våre tilsette, legg fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes til i meldinga.

Salmalaks Bremnes Seashore Foto: Salma

Betre produksjonsregulering

– Bremnes Seashore meiner me må foredla meir av laksen lokalt i Noreg, og me skal ta vår del av ansvaret for å styrka grunnlaget for verdiskaping, arbeidsplassar og ringverknader, seier utviklingssjef Simon Nesse Økland i meldinga, men legg til at dersom dei skal få dette til treng dei ei produksjonsregulering gjennom året som sikrar føreseieleg tilgang til råvarer.

– Kva meiner du med det?

– For å få til auke i foredling og merkevarebygging i norsk lakseindustri, i tråd med styresmaktene sine ønsker, må me få til jamnare tilgang til lakseråstoff gjennom året. Slik er det ikkje i dag, seier Økland.

Han peikar på at dagens produksjonsregulering, MTB (maksimal tillat biomasse), legg opp til størst hausting når laksen veks best — altså på seinsommaren og hausten. I første kvartal, når det er kaldt i sjøen og laksen veks saktast, får foredlingsindustrien tilgang til minst laks.

– Me har foreslått ei prøveordning med sesongtilpassa MTB. Ei slik ordning vil jamna ut råvaretilgangen gjennom året. Dette er viktig både for bedriftene, fiskeindustriarbeidarane og kundane, seier Økland til IntraFish.

Slik vil den nye Salma-fabrikken ta seg ut når den står ferdig i 2023. Foto: Illustrasjon Sindre A. Habbestad/Bremnes Seashore

Kjende merkevarer

Bremnes Seashore er kjend for merkevarene Salma og Bömlo. Produksjonen skjer ved 23 oppdrettsanlegg og tre settefiskanlegg i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland.

Seashore-konsernet sel og eksporterer laks gjennom selskapa Salmon Brands og Sjór, med kontor i Bergen, Oslo, Stockholm, Paris og Shanghai. Konsernet omset for 3,1 milliardar kroner.