Prosjektet med ei ramma på over 400 millionar kroner er no stogga.

– Det blir ein dyr parkeringsplass. Og det er ikkje parkeringsplassar me jobbar for å skapa, men nye arbeidsplassar, seier samfunnskontakt i Bremnes Seashore, Simon Nesse Økland. Selskapet står bak Salma-laksen mange kjenner frå butikkhyllane.

Ifølge Sjømat Norge er prosjekt til over 40 milliardar kroner blitt skrinlagt sidan 28. september, då forslaget om grunnrenteskatt på havbruk blei lagt fram.

– Ein kan ikkje drepe bedrifter med så mykje skatt at dei ikkje kan utvikla seg.