Onsdag ettermiddag kom pressemeldinga frå Norcod der dei fortel at dei har fått løyve til å etablere seg med ein ny lokasjon i Nesna. Bjørnvika vil vere selskapets andre lokasjon i Nesna, saman med Labukta.

I pressemeldinga seier direktør for Norcod, Christian Riber, at Norcod har blitt tatt godt imot av lokalsamfunnet i Nesna, og at dette er noko dei set stor pris på.

– Vi ser fram til å fortsette det gode samarbeidet, seier Riber.

– Perfekt til torsk

Riber seier at denne lokasjon nummer to vil vere perfekt til torskeoppdrett, med god dybde, temperatur og strøm på vatnet. Dei har fått godkjenning til å utvida med ein MTB på 3599, som aukar den totale kapasiteten på Nesna til 7.200 MTB.

– Eg er overbevist om at fisken vår vil stortrivst her, seier Riber.

Direktøren seier at ambisjonen deira ikkje berre er å bidra til industrigrunnlaget i kystkommunane der dei er aktive – men også bidra til sysselsetting og sikre berekraftig drift med minimal påverknad på miljøet. Denne nye lokasjonen vil bli utstyrt med topp moderne havbruksteknologi og drive berekraftig produksjon.

– Å sette opp eit nytt anlegg er alltid ein spennande prosess, spesielt med tanke på motivasjonen vi har til å bidra med ei sunn kjelde til protein til ein svolten marknad. Vi har også eit høgt kompetent produksjonsteam med mange års erfaring, så eg er sikker på at det blir ein mjuk og effektiv prosess, seier Riber.

Nøgd ordførar

Også ordføraren for Nesna kommune er positiv til at Norcod skal etablere ein til lokasjon i området. Ho seier kommunen er glad for at Norcod har fått godkjenninga.

– Norcod er vel etablert her og bidrar til aktivitet og jobbar, som er svært viktig for oss som ein kommune i utvikling. Vi gratulerer Norcod og ønsker dei lukke til, uttalar Hanne Davidsen i pressemeldinga.