Flokenes Fiskefarm AS melde førre veke om rømming ved lokaliteten Storevik i Førdefjorden i Askvoll kommune.

Selskapet oppdaga hol i nót i samband med ein arbeidsoperasjon 31. mars, kjem det fram i ei melding frå Fiskeridirektoratet torsdag.

Omfanget av rømminga er førebels ikkje avklart. Flokenes Fiskefarm har fått 25 oppdrettslaksar i gjenfangstgarn etter hendinga. Fisken i den aktuelle merden har ein storleik på om lag 4 kilo.

Fiskeridirektoratet følgjer opp saka og vil vurdere tiltak i vassdrag når omfanget av rømminga er klarlagt.