Ute i havgapet på Helgelandskysten ligg det vesle øysamfunnet Lovund. Også kjent som «Lakseøya». Her har 22 år gamle Jørgen Hopaneng funne seg godt til rette i rolla som trainee for Kystinkubatoren.

– Lovund er ein fantastisk plass. Eg trur dei fleste som kjem her blir overraska over kor mykje som skjer her. Snittalderen er rett i overkant av 30 år, og det er mykje å ta seg til på fritida, seier Hopaneng til IntraFish.

Jørgen Hopaneng på kontoret kor han jobbar med forretningsutvikling for bedrifter og start-ups på Helgelandskysten.