Onsdag i midten av mars var Berit Seljestokken (42) nervøs på jobb. Bekymringa var ikkje knytt til jobben som produksjonssjef sjø i Grieg Seafood Finnmark. Torsdag skulle hundespannet hennar inn til veterinærsjekk, den siste kontrollen før årets Finnmarksløpet.

Det er siste hinderet ein må gjennom, men det er også ein slags dom over hundehaldet, seier Seljestokken.

– Eg var på jobb, men tankane kretsa mykje rundt veterinærkontrollen. Det gjekk jo bra, seier sunnfjordingen.

Det er mykje å tenkja på før løpet.