– Vi ser på klimakrisa gjennom mikroskop, fordi det er detaljane som er viktige når vi skal setje inn tiltak for å drive oppdrett medan temperaturen stig.

Det seier seniorforskar Elisabeth Ytteborg i ei pressemelding frå Nofima måndag ettermiddag.

Forskinga frå Nofima er finansiert av Troms og Finnmark fylkeskommune.

– Det viser at temperaturar vi kan vente oss i 2030 kan føre til øydeleggingar i fiskeskinnet, heiter det i meldinga.

– Temperatur har mykje å seie

Ytteborg jobbar med prosjekt der FNs klimaprognosar er nedskalert til lokalitetsnivå.

Elisabeth Ytteborg ved sjøen i Paradisbukta i Tromsø. Foto: Nofima

Det er ein lokalitet på Dønna i Nordland som har vore gjenstand for forskinga. Her er det gode data frå torskeoppdrett og miljø, ifølge Nofima.

Målet med forskinga er å sjå på kva temperatur har å seie for fiskehelsa – og kva det betyr viss torsken får ei ekstra utfordring, for eksempel sjukdomen Fransicellose.

Ifølge Nofima ligg torskens trivselstemperatur på mellom åtte og 13 grader. Dei melder at lokaliteten på Dønna kan få fleire dagar med over 17 grader i 2030. Dei har difor undersøkt korleis temperaturen påverkar skinnet ved 12 og 17 grader.

– Resultata viste at temperatur har mykje å seie for funksjonaliteten til barrierevevene som utgjer fiskens førstelinjeforsvar. Faktisk mykje meir enn infeksjon med Fransicella åleine, melder dei i pressemeldinga.

Torskens barrieresystem

Forskarane fann at torsk i høge temperaturar fekk små øydeleggingar mellom cellene som bind skinnet saman.

– Desse bindingane i skinnet ser ut til å vere viktige for fiskens evne til å gro sår, og skadar i dei kan gjere fisken meir sårbar for anna stress, hevdar Nofima.

– Torskens barrieresystem stiller altså svakare viss den får ei utfordring i tillegg til auka temperaturar, skriv dei.

– Vil spele ei viktig rolle

Ytteborg meiner det finst fleire torskeoppdrettsanlegg sør for Dønna i dag som kan vente seg å måtte handtere høgare temperaturar.

– Betydninga av høge temperaturar og korleis ein skal handtere dei, kjem til å spele ei viktig rolle framover – i takt med klimaforandringane. Kva fisken toler bli viktig for å finne gode tiltak som kan vareta fiskens helse om vatnet blir for varmt, uttalar forskaren.

Ho meiner klimaforandringane må takast med i vurderingane når oppdrett i Noreg planleggast.

– Vi kjem med ein publikasjon om diversifisering, der vi ser på 36 ulike artar og deira temperaturtoleranse opp mot klimaforandringane. Skal Noreg ha ein meir langsiktig plan om diversifisering, bør ein absolutt sjå på temperaturane, seier Ytteborg.