16. august i haust mottar slakteriet Hardanger Seafood rundt 16.500 laks frå båten «Seifisk JR».

Dei tilsette på slakteriet oppdagar at store mengder av fisken er med mangelfull bløgging. Mattilsynet meiner det kan ha ført til stor liding for fisken og dermed dårleg dyrevelferd.

Ein månad seinare, 21. september, går eit kystvaktskip med tre inspektørar om bord, til eit tilsyn mot bløggebåten «Seivik» mot Lerøy Seafood sitt anlegg Reitholmen på Hitra i Trøndelag, ifølge NRK.

Båten er eigd av same rederi som eig «Seifisk JR».