På Mowis lokalitet Tennøya, døydde eit stort tal fisk i forbindelse med klargjering av ein merd til ein ikkje-medikamentell avlusing. Hendinga skjedde 18. september i haust.

Fisken døydde før den var ferdig behandla.

– Var kraftig straum

Fisken, som var på rundt 1,5 kilo, blei lina opp i forkant av avlusing for å bli akklimatisert.

– Det var kraftig straum i tidsrommet frå noten var lina opp til oppstart av behandling. Under desse straumforholda er det ein mogleg årsak at det har blitt nokre lommer eller forandring på noten som har ført til at fisk har blitt klemt i hel, heiter det i skjemaet Mowi har fylt ut hos Mattilsynet.