Ho slår fast at av den forskinga som har blitt gjort hittil, er det tydeleg at havvindanlegg kan påverka økosystemet lokalt.

– Men vi veit ikkje kor stort det påverka området blir, og om dei effektane ein ser lokalt vidare kan føra til effektar på heile bestandar og større område. Kor stor utbygginga er, vil sjølvsagt spele inn i dette.

Fiskarane som deltok i undersøkinga var opptekne av at ein i vidare forsking hadde eit så langt tidsperspektiv som mogleg.