Den 23. april blir Fiskeribladet 100 år. I anledning jubileet ønsker vi å vise fram våre lesere og folk langs kysten. I dag får vi høre fra Janita Arhaug.

Eg lærte meg namna på alle fiskefartøya og kjente dei igjen på lang avstand.

Med fiskarblod i familien var naust og fjæra leikeplass. Færingen vart flittig brukt til både fisking og roturar ut på holmane. Den friske lufta av sjø og fiskereiskap er blant mine beste barndomsminne.

Min far var sjarkfiskar og oppteken av reguleringar, og dei stadig nye utgiftene og rapporteringskrava som fiskarane vart pålagde.