Helgelands einaste rekefabrikk meiner lakseoppdrettet tar plassen til reketrålarane. På 70-talet låg det ein rekefabrikk på kvar ein holme og kvar ei øy på Helgelandskysten.

No er det berre ein handfull reketrålarar igjen. Og berre éin fabrikk, nemlig Nord Reker.

Bekymra

Bodil Holmen, dagleg leiar på Nord Reker på Lurøy, er bekymra for at eit nytt lakseoppdrett vil bety slutten på reker frå Helgeland, skriver NRK.

– Hovudproblemet er at dei vil legge lakseoppdrett på alle felt der det er reker. Det skjer nok ikkje allereie frå dag éin, men på sikt kan det nok bli kroken på døra.

Det gjer at det blir mindre og mindre attraktivt å vere rekefiskar, og det betyr mindre og mindre reker til fabrikken, ifølge Holmen.

- Ikkje i konflikt

Kommunikasjonssjef i Mowi, Eivind Nævdal-Bolstad, avviser at det kjem til å bli eit problem for rekenæringa med det nye rekeoppdrettet.

– Dette er ein etablering som mellom anna mattilsynet, fiskeridirektorat og fylkeskommunen har godkjent og støtta. Dei har slått fast at anlegget ikkje er i konflikt med rekefisket eller andre interesser, seier han til kanalen.