Pelagisk Forening (PF) melder på sine nettsider at dei har levert høyringsvar i høyring om «Fiskeritillatelser og kvotefaktorar», som er ei oppfølging av kvotemeldingen.

Foreininga gir av mellom anna uttrykk for at foreininga er i mot samanslåing av pelagisk trål og ringnot, at konsekvensar ikkje er godt nok utgreiia.

Greie ut konsekvensar

«Dette gjeld ikkje berre manglande direkte konsekvensar for fiskarar, deira driftsgrunnlag og inntektstap som følje av somme av endringsforslaga. Konsekvensane for landindustrien, tilsette ved landindustrien, flåtestrukturen og distrikta burde òg vore konsekvensutgreidd», skriv PF.

PF gav òg uttrykk for at foreininga er sterkt imot at eventuell samanslåing medfører innskrenkingar i val av reiskap.

«Spesielt forslaget om å fjerna unntaket for krav om sorteringsrist ved bruk av småmaska trål for fartøy som er eigna, utrusta og bemanna til å ta vare på kvitfisk. Pelagisk Forening stiller òg spørsmål ved om krava i utgreiingsinstruksen er oppfylt», skriv PF på sine nettsider.

Fiskeribladet omtalte nyleg at Fiskebåt heller ikkje vil slå saman flåtegrupper. Fiskebåt meiner at spørsmålet om samanslåing av flåtegrupper bør utsetjast til ei ny kvotemelding er lagt fram. Slik det er no, frarår båteigarorganet å slå saman gruppene.