Denne artikkelen ble først publisert i sommer som en del av Fiskeribladets serie - Framtidas fiskerinæring.

Ole Toft tenkjer ikkje berre på fiske og navigasjon mens han er ute på storhavet og fiskar. Rundt huset hans er det maritime preget ikkje til å ta feil av. Når Fiskeribladet vil lage eit sommarportrett med han, kan me navigere etter sjømerka.

Tankar om forbetringar

Etter 40 år i ringnotfiske er Ole Toft utlært på det meste, men med tankar om kva som kan forbetrast.

På spørsmål om korleis ringnotflåten vil sjå ut i 2030, seier han at så mykje nytt frå dagens båtar, har han ikkje tru på. Meir at fornying og forbetring vil fortsetje som til no, med små endringar som gjer det lettare å arbeide, og som sparar energi og tid på havet.

Ole Toft

Alder: 59

Bur: Vik i Øygarden kommune

Yrkje: Fiskeskipper

Eit av grepa som derimot kan endre mykje, er å nytte trål i staden for ringnot også i anna enn kolmulefisket. Noko som både sparer mannskap for arbeid og gjer fangstinga mindre slitsamt, meiner han.

– Kvaliteten på trålfanga sild og makrell er like god som kvaliteten på ringnotfanga fisk, seier han.

Utviklinga av trål og fiskepumper er også kome så langt at enten pumpinga skjer på hekken eller langs skutesida, er fisken like fin som om den pumpast opp frå ei opptørka ringnot.

– Det er helst kjøparane no som set krav om at fisken skal fangast med ringnot. Fiskarane har lenge sett at trål gjev like god kvalitet, seier han.

Rundt ein varde, opp mot fyret, der har ringnotskipperen Ole Toft ankra opp på Vik i Øygarden. Foto: Nils Torsvik

Klima endrar seg stadig

Elles er det på framdrift og maskineri at Ole Toft ser det kan kome endringar som er verd å nemne i dei næraste åra. Han har lita tru på at gass og elektrisk vil ta over for diesel, men trur at dieselmotorane vil verte stadig betre, meir energiøkonomiske og gje betre framdrift.

Noko som også vil gjelde for skrogutforminga. Han har ikkje tru på at ringnotbåtane vil verte bygd større, men trur at dei vil verte færre i åra framover. Ei utvikling han ser også i dag. Det er 74 ringnotkonsesjonar i registeret til Fiskeridirektoratet, men berre 50-60 båtar i drift.

Toft har også liten sans for at klimaendringar skal vere styrande for utviklinga i flåten. Sjølv har han sett lite til at havet stig. Heller det motsette, seier han med referanse til eigen båtplass i Vikavågen.

– Klima har stadig endra seg. Det er ikkje noko nytt, meiner han.

Vik i Øygarden har fostra mange fiskeskipperar som har vore med på ei rivande utvikling i ringnotfiske dei siste 60 åra. Dei fleste er no pensjonerte. Ole Toft, som framleis er skipper, minner bygda på si historie med kunstverk både i hamna og rundt sitt eige hus. Foto: Nils Torsvik

Uroa over bestandsutvikling

Han har meir sans for forsvarleg bestandsforvaltning. At alle kystnasjonane no skal forsyne seg etter eige magemål, meiner han er ei stadig meir urovekkande utvikling.

Det beste grepet styresmakta kan gjere er å hindre at bestandane vert nedfiska. Her ser han alt no urovekkande signal og er ikkje samd med havforskarane i at alt ser bra ut.

— Havforskarane er på etterskot. Det stemmer ikkje det dei seier, meiner han og nemner nordsjøsilda som døme på ein bestand som er kraftig nedfiska.

Han har heller ikkje god tru på at makrellbestanden toler så høgt fiskepress som den no vert utsett for.

— Kva skal me fiske på om desse bestandane kollapsar? spør han og viser til ei kraftig oppbygging av fangstkapasitet både i Skottland, Shetland, Færøyane og Island.

– Men det er ikkje noko god løysing å stengje nokon ute. Løysinga ligg i å forhandle fram gode avtalar mellom kyststatane. Slik sett er usemja mellom Noreg og Storbritannia ein stor skuffelse, meiner han.

Sommer i Fiskeribladet

I sommer kaster Fiskeribladet et blikk på hvordan fiskerinæringen vil kunne være i 2030. Hvilke teknologiske endringer vil vi for eksempel se? Og hvordan vil lønnsomheten være?

Først ute var et knippe aktører som snakker om det grønne skiftet: Slik tror de fiskerinæringen vil omstille seg de neste ti årene

Her finner du flere intervjuer:

Tid til prat og pynt

Ringnotskipperen frå Vik har sett preg både på hus og bygd. Sjølv om han no er einaste aktive skipper att i bygda, har han nok av naboar som kjem innom og vil frette nytt frå hav og fiskarliv.

På fritida nyttar Ole Toft høvet til både å slå av ein prat og pynte bygd. Med alt frå båtar med segl i hamna, til vardar og fyr. Og det stoppar ikkje der. Eit nytt prosjekt er på gang. Men kva, vil han ikkje seie enno. Det ligg godt gøymt i isopor, som han nyttar til å lage formane for anker og andre kreasjonar. Noko med hav og sjø er det i alle fall. Gjerne med eit humoristisk tilsnitt.

Halstensen-reiarlaget

Etter 40 år i Inge Halstensen si teneste, er det mange gode minne å sjå attende på. Ein raus og god reiar, er karakteristikken han gjev sjefen sin. Ein som ikkje er redd for å ta i eit tak, eller prøve noko nytt. Sjølv om det ikkje alltid fell så heldig ut.

Fiskebåtreiar Inge Halstensen har ofte mange jarn i elden, og ikkje redd for å prøve noko nytt. Her med eit nytt båtprosjekt på kontoret i Bekkjarvik i Austevoll kommune. Foto: Arkivfoto Kjersti Sandvik

Som då han skulle fryse notfanga sei fiska utanfor Dønna, der det sto fleire hundre tonn i steng, som knapt heldt minstemålet. Ole Toft var beordra nordover for å ta seien om bord i «Gardar». Den skulle hovudkappast og frysast inn, noko skipperen frå Vik såg som ei nærast uoverkommeleg oppgåve og ikkje noko som kunne løne seg.

— Men Inge insisterte, og eg sa til han at ville han dette, måtte han sjølv kome og ta seg av det. Noko han gjorde. Tok fly til Sandnessjøen, kom om bord, stilte seg i produksjonen, der han vart ståande til langt på kveld, lenge etter at mannskapet tok kvelden, fortel Toft.

— Men neste morgon innsåg også han at dette neppe ville løne seg. Det vart med den eine gongen at me skulle ta imot og handsame småseien på den måten, minnest Toft.

Men om Inge Halstensen lærte så mykje av hendinga, veit han ikkje. Fleire liknande historier, kunne forteljast, som sal av kolmule til mafiaen i Ukraina, eller om ein reiar som skal ha ting ordna i ein fei. Om kallenamnet «Emanuel Desperados». Men det får andre fortelje, seier Toft.