Havforskingsinstituttet tilrår eit fiske på maksimalt 240 tonn brisling i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og nullfiske i Nordfjord i 2021. Det melder instituttet på sine nettsider.

I november kjem forskarane med eit eige råd for Trondheimsfjorden.

God rekruttering i Hardanger og Sogn

Havforskarane sitt råd bygger på data frå brislingtoktet med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data og fangstane i fiskeriet.

Instituttet melder om god rekruttering i Hardanger og Sogn.

– I år såg vi mykje eittårig brisling i både Hardangerfjorden og Sognefjorden, men mykje av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter. Kvoteråda våre her er basert på medianfangsten i perioden 2002-2016, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme.

Råda her blir dermed like som i fjor.

Lite i Nordfjord

I Nordfjord fann forskarane lite brisling på toktet. Og det var to år gammal brisling som dominerte. Kvamme påpeiker at brislingen er ein kortlevd art som berre blir 3-4 år, og at dette gjer at eit godt eller dårleg år med rekruttering kan føre til at bestanden svingar monaleg.

- Eittåringane skal helst vere meir talrike enn dei eldre fiskane. Med andre ord har det truleg vore dårleg rekruttering i Nordfjord i fjor, seier ho.

At det i tillegg blei fiska 25 tonn meir enn fjorårets kvote på 80 tonn, gjer at forskarane ikkje tilrår brislingfiske i Nordfjord.

Seinare i haust skal forskarane måle brislingen i Trondheimsfjorden som del av kystressurstoktet.