Det er i ei uttale til høyringa om ei ny forskrift om tildeling av fiskeriløyve og kvotefaktorar, at Fiskebåt seier det ikkje er noko grunnlag for å slå saman fartøygrupper slik Fiskeridirektoratet foreslår i sitt høyringsnotat til forskrifta. Uttalen er publisert på nettsida til Fiskebåt.

Bør utsetjast

Fiskebåt peikar på at det er ei utfordring at sentrale spørsmål rundt innretninga av kvotesystemet enno ikkje er avklart, etter at Stortinget behandla kvotemeldinga frå Solberg-regjeringa i mai 2020.

– Fiskebåt meiner difor at høyringa ideelt sett burde vore utsett til den overordna politikken er fastlagt, men ser likevel behovet for framdrift og avklaringar i saka.