Ordninga har i utgangspunktet ei maksimal varigheit på to år, og det er dette Fiskeridirektoratet no ønsker å utvide til tre år. Ifølge Fiskeridirektoratet er to år i kortaste laget for dei prosessane som krevjast for nybygg i delar av fiskeflåten.

Fiskeribladet omtalte Fiskeridirektoratet sitt forslag om å utvida ordninga for havfiskeflåten tidlegare i år i forbindelse med at direktoratet gjennomgjekk ordninga for både kyst- og havfiskeflåten.

Betra tryggleik

Fiskebåt støttar Fiskeridirektoratet i deira vurdering om at den såkalla nybyggeordrninga for havfiskeflåten bør utvidast frå to til tre år for havfiskeflåten. Det går fram av ei melding på Fiskebåt sine nettsider.

Direktoratet peikar på at ordninga har bidrege til betra tryggleik og mannskapsforhold om bord, i tillegg til at den har ført til positive ringverknadar for verftleverandørindustrien.

Fiskebåt støttar innstillinga til Fiskeridirektoratet, og ber departementet om å følge opp saka.

Fornying av flåten

Nybyggsordninga opnar for at kvotegrunnlaget kan fiskast på eit innleigd fartøy utan at avkorting av kvotane, så lenge det er inngått bindande kontrakt om kjøp av nybygg.

Tanken er å legge betre til rette for fornying av flåten ved at det gamle fartøyet kan seljast på et økonomisk gunstig tidspunkt, i god tid før nybygget står ferdig, for på den måten vere med å finansiere det nye fartøyet.