Fiskebåt ber Nærings- og fiskeridepartementet om å innrette karantene-kompensasjonen på ein slik måte at den dekker opp for delar av desse meirkostnadene.

Karanteneregelverket blei innført 12. mars 2020, med unntak for personar som er strengt naudsynte for å halde oppe forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.

Unntaket har i ein viss grad blitt nytta av fiskeflåten, men hovudregelen har vore at tilreisande mannskap har gjennomført karantenetida på land, skriv Fiskebåt.

— Dette har ført til store ekstra kostnader for reiarlaga, og det er difor skuffande at regjeringa sitt forslag omfattar berre kostnader som er påløpt etter oktober 2020. Kompensasjonsperioden bør difor utvidast bakover i tid, skriv Fiskebåt i høyringssvaret.

I høyringssvaret blir det også peika på fleire andre forhold som treng avklaring. Fiskebåt er difor positiv til at det blir utarbeid ein rettleiar, der også vilkåra i kompensasjonsordninga kjem tydeleg fram.