– Tilliten til det rådet som er gitt er svært liten seier, Stig Østervold, styreleiar i Fiskebåt Sør, i ei pressemelding måndag.

Havforskingsinstituttet (HI) meldte i oktober at kvoterådet på lodde blir sett ned i 2023. Instituttet peikte på svakare loddevekst og mangel på data frå Russland, som bakgrunn for at rådet blei nedjustert. I forkant av kvoterådet gjekk HI ut og sa at lodderådet for 2023 blir svært usikkert, nettopp på grunn av den manglande dekninga i russisk sone.

For 2023 er rådet sett til 62.000 tonn, medan rådet for inneverande år er 70.000 tonn.

– Stor usikkerheit

Fiskebåt Sør seier dei er skuffa over at toktet blei tatt av planen for 2023.

– Kvoterådet for lodde i Barentshavet er sterkt prega av at loddeførekomstane i russisk sone ikkje blei kartlagt i haust. Det er difor stor usikkerheit til kvoterådet som er gitt, seier Østervold.

Han peikar også på at det er uheldig at den norsk-russiske fiskerikommisjonen i sitt møte ikkje diskuterte om det var mogleg å få gjennomført eit gytetokt tidleg i 2023, for å eventuelt kunne korrigere kvoterådet som er gitt.

– Vi er no i ein situasjon der fiskarane sin tillit til kvoterådet er svært liten, noko som også talar for at gytetoktet etter lodde bør bli gjennomført. Det bør også vere i forskarane si interesse å kvalitetssikre det kvoterådet som er gitt, seier Østervold.

Fiskeribladet har bedt HI om kommentar. Vi oppdaterer saka når svar ligg føre.