Noreg eksporterte laks for 106 mrd. kr i 2022. Ei betydeleg auke i verdi, men eit fall på 2 % i volum (1,26 Mt).
I dag kan «alle» etablere seg som lakseoppdrettar, vil ein etablere den overnemde produksjonen bør ein nok bla opp 1 mrd. kroner berre for å sikre seg løyvet i sjø.
Det er staten som bestem om dei vil tillate nye konsesjonar, og Solberg regjeringane sine tildelingar av utviklingskonsesjonar og gratiskonsesjonar på land har fått milliardane til å rulle mot produksjon av nye volum.
Investeringar i mindre selskap
Nye lukka oppdrettskonsept er blitt utvikla, men dessverre har gratiskonsesjonane på land medført uforholdsmessige store inngrep i strandsona og låst mykje kapital.
Det nye energipris nivået kan vise at dette kan bli dyr fisk i lengda. Lukka anlegg i sjø har derimot allereie vist lovande resultat.
Fram til Havbruksutvalet kjem med si forsinka innstilling til hausten, er derfor grunnrenteskatten einaste signal Støre regjeringa har sendt til næringa. Det signalet ber ikkje om endring og kan virke å bety at dei er godt nøgd med næringa slik ho er, men dei vil gjerne ha ein større del av overskotet.
Naturleg nok var hausten 2022 prega av profittmaksimering og i 2023 er innovasjon sett på vent til ein ser i kva grad dette kan avskrivast frå grunnrenta.
I denne skattelogikken er det no mest lønsamt å investere i mindre selskap som har potensial til å generere opptil 70 millionar kroner i overskot utan at det er store spor etter risikovillig kapital i dette segmentet.
Utfordringane laksenæringa slit med i dag, kan vise veg om korleis næringa skal vekse i morgon. Lukka anlegg vil fjerne luseproblem, eutrofiering og skjerme mot smitte.
Bruk av fiskeolje og -protein, er alt maksimalt utnytta og saman med soyabruk vil tilgang til fôr vere veldig utsett for svingingar me ikkje har kontroll over. For to år sidan var det planar om å etablere dobbelt så stor lakseproduksjon på land enn det me har i sjø i dag.
Sjølv om det forskast fram nye potensielle produkt, er det vanskeleg å forstå kva det ekstra laksevolumet skal ete eller kor dette fôret skal kome frå.
Marintbasert fôr
I Akvareforma AS har me designa eit sirkulærøkonomisk system med motto lys inn- laks ut. Produkta som me vil dyrke i fjorden på lokale næringssalt og lys frå sola, blir til framifrå marintbasert fôr til oppdrettsfisk. Våre kalkylar viser at med ganske få laksekonsesjonar vil me kunna oppnå god forteneste og samstundes omgå dei fleste problema laksenæringa slit med.
Ein produksjon i lukka merdar bør til og med vere mogleg i raud sone. Akvareforma har sin spisskompetanse på effektiv dyrking av fjorden, noko som produsentar av tare, blåskjel og tunikat spør etter. Å lage utstyr til dei vil aldri bli ein gründernæring, men som spin- off i eit sirkulærøkonomisk system er dette svært truleg.
Med eit gyteferdig prosjekt er vegen til suksess likevel bratt og utilgjengeleg. Innovasjon Noreg lagar flotte forteljingar om sirkulærøkonomi, men for å få dei til å bidra til konkrete konsept der sirkulærøkonomien kan løftast til reell konkurransekraft, må ein møte dei med ei stor lommebok og helst næringa i ryggen.
Sirkulær økonomi
Tanken om at ei næring med eit einsidig fokus på laks skal hoppe rett på heile kretslaupet, er noko naivt. Næringa har generelt god forteneste slik dei driv og derfor er det kanskje ikkje frå dei den sirkulære innovasjonen vil kome? Trass i liten entusiasme rundt vårt sirkulærøkonomiske design er det verdt å merke seg at fôrproduksjonen vår har fått merksemd hos oppdrettsnæringa. Dei ser prisane stige for kvar dag, og får ein kontroll over råstoffproduksjonen vil aktørane etablere ein langt betre kontroll over lakseproduksjonen.
For 10.000 år sidan skjedde den største omveltinga i vår historie. Kultivering av jorda gav opphav til store sivilisasjonar som jegersamfunna ikkje kan vise maken til. Rett nok har dyrking av havet kome langt rundt om i verda, men i Noreg er me framleis jegara. Sjølv suksessen med laks er heilt avhengig av jordbruksprodukt og tida er inne for å starte ei storstilt dyrking av havet. Fjorden sjølvforsynt med næring og får påfyll kvar vinter, og samstundes er det eit stort regenerativt potensial for vekst gjennom året. Det er nok ikkje biologien som set grense for ei suksessfull dyrking av havet, men dei økonomiske tilretteleggingane.
Den største konkuransebarriera for etablering av nye lakseoppdrettsselskap ligg i kapitalkostnadane for laksekonsesjonane og nye løyve bør bli prisa utifrå sirkulær innovasjon i eit æveperspektiv. I eit sirkulært system er ikkje nokon av sektorane mindre verdifulle enn dei andre. Når dei trekk saman vil totalverdien kunna bli større enn summen av dei einskilde.