Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Tvil om ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund er det siste som er kasta fram som ein ny snubletråd.

Til og med havforskarane har meldt seg på og er uroa for at sjøvatnet sør for Stad skal flyte gjennom tunnelen og vere til skade for fisk og natur. I fare for å bli usaklege, kommenterer vi ikkje akkurat det.

Knut Arne Høyvik Foto: Privat

Tida er no moden for å setje søkelyset på den eigentlege grunnen til at det si tid vart lagt planar om ein skipstunnel gjennom Stad, nemleg sjøsikkerheit. Stadhavet er det einaste havstykket langs kysten der ein kan gjere ein «bypass operasjon» og leie skipstrafikken inn i smult farvatn.

Journalistane i Akersgata bør ta ein telefon til tidlegare redningsskøyteskipper Magne Sætren og få hans historie på trykk.

Han har redda 29 menneske frå den visse død på Stadhavet, men også sett dei som ikkje klarte seg.

Kanskje har dei pårørande til desse menneska ei historie å fortelje, som journalistar kan ha ei viss interesse av.

Sjølv om vi har sagt og skrive det mange gongar, må vi visst skrive det enda ein gong til. Stadhavet er eit farleg havstykke, som både underteikna og andre har den største respekt for. Den britiske skipinga National Geographic, som slett ikkje manglar vitskapsfolk, har kalla Stadhavet den mest vêrharde seglingsleia i heile verda.

Tunnelen vil sjølvsagt ha mange andre gode ringverknadar som ein får med på «kjøpet»

Saka skal opp i budsjettdrøftingar mellom regjeringa og SV. SV som i sitt alternative budsjett vil stryke oppstartsmidlane til skipstunnelen for 2023- med 76 millionar kroner.

Som utgangspunkt for desse drøftingane må ein ha fokus på den eigentlege grunnen til å bygge tunnelen. Nemleg å gi dei sjøfarande ein trygg seglas gjennom denne halvøya som ligg så utsett til for alle dei lågtrykk og stormar som råkar landet vårt.