Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Om ikkje øvste leiing i Fiskeridirektoratet tek snarleg grep, bør fiskeriministeren gripe inn. For me kan ikkje ha det slik at ein verte lovbrytar når ein driv eit lovelg yrke. Og om ikkje det vert gjort noko i næraste framtid, ser eg svært mørkt på det for dei små fiskemottaka som ligg langs kysten.

Jarle Glesnes Foto: Ole Erik Klokeide

Nokon må ta styringa

Det Fiskeridirektoratet må gjere, er å få fram alle svakhetar med elektronisk fangstrapportering, sporing før ein pålegg dei minste fartøya eit regelverk som er umogleg å etterleve. Om ikkje noko verte gjort er det snart ingen små fiskefartøy igjen til å rapportera inn fangst.

Frå ein vanleg brukar sitt ståstad er ein på enkelte område svært nøgd med korleis Fiskeridirektoratet fungera og er tidvis imponert over den korte sakshandsamingstida.

Men på eit område meiner eg at Fiskeridirektoret er svært svakt, og det er i prosessen med å innføre fangstdagbok/sporing for den minste fiskeflåten og at tilbakemeldingar frå brukarar blir ignorert.

Me driv både små, effektive, opne snurpefartøy og litt større fartøy. Eg fører rekneskapane for selskapa våre sjølv, og har ingen problem med å rapportera inn opplysningar via Altinn verken til skattemyndighetar eller andre offentlege etatar.

Men når det gjeld elektroniske fangstdagbøker, har eg aldri vore borti så dårleg dataopplegg. Det ser ut som Fiskeridirektoratet har hastegodkjendt programvare leverandørara berre for å ha noko klart til tidsfristane sine for innføring av elektronisk fagsdagbøker.

Når ein til stadigheit må oppdatera programvara via support er det noko som ikkje stemmer. Det skjer utan forvarsel og dette må til for at fangstdagbøkene skal fungera.

Det som kjem fram i media, er berre toppen av eit isfjell når det gjeld kritikk mot Fiskeridirektoratet i denne saka. Eg deler meiningane til Geir Stuve Rommetveit fullt ut når det gjeld kritikken mot Fiskeridirektoratet.

Må stadig ringje support

Eg kan ta eit eksempel. Om ein sender ein melding og er uheldig å skrive at ein skal begynna å fiska før ein går frå kai, så går meldinga ut. Det tek ofte mellom 5 og ti minutt før ein får tilbakemelding frå serveren om meldinga er godkjent.

Dette gjer at ein går frå kai før ein får tilbakemelding og ein begynnar å fiska. Så går det gjerne nokre timar, så får ein telefon frå FMC, Fiskeridirektoratetsnesten døgnopne overvåknigssentral, at det er feil med meldinga di. Så gjev ein beskjed at me ligg i kuling å hala garnbruket, så eg får ikkje gjort noko før i kveld med saka.

Dermed blir det problem med heile opplegget og ein må ringje support. Det er ikkje alltid dei er å få tak i, og så må du ringje support neste dag. Men det er gjerne ikkje mogleg for då ligg du å halar bruket i kuling igjen. Og slik har ein det gåande.

Mange som les dette innlegget, har kjennskap til betaling av rekningar med KID nummer. Om ein skriv feil kid nummer, får du umiddelbart tilbakemelding om at kid nummeret er feil. Dette bør også gjelde i fangstdagbok-systemet. FMC fungera nærmast som ein telefonsentral, der du til stadigheit vart tilvist til support.

Årlege kostnader på 50.000

Det ein må gjere, er å oppbemanne FMC med IT personell og ein må kunne rapportera fangstopplysningar direkte via Altinn. Og dette bør vere eit gratis alternativt system. Eg viser også til påmeldinga for hummarfiske der ein melder seg på via Fiskeridirektoratet sine nettsider og registreringa verte godkjent umiddelbart via Altinn.

For mindre fartøy bør ein kunne gjere dette når ein er komen heim. Per dags dato er det få dataverktøy som toler regn og sjø.

Tek ein med kostnadane for fritida som ein fiskar brukar på den elektroniske fangstdagboka og sporinga, kjem dei årlege kostnadane lett oppi kroner 50.000. Og statstilskotet på kroner 7000,- som ein kan søkje på, står fram som heilt meininglsøyst. Rapporteringa må kunne skje når ein har tilgang på ein PC.

Må melde at eg ikkje er på jobb

I sommar hadde eg tenkt at me skulle ta fri ei helg, men fartøyet låg til ankers med låssatt makrell i nærleiken. Men her måtte eg gå på jobb, starte opp fartøyet og sende melding (DCA) og skrive at eg ikkje vart på jobb. Alternativet var å få ei bot på rettleiande kroner 20.000-. Eg håpar folk ser kor gale det er. Ein brukar kanskje dei små fartøya berre nokre veker i året til fiskeri, er det då meininga at ein skal ha sporinga på 365 dagar i året.

Vidare rapporterte me i sommar inn tap av bruk via den elektroniske fangstdagboka, men i ettertid tvilar eg på at det vart registrert av nokon.

Vidare verte me framleis bedt om å sende inn opplysningar til Fiskeridirektoratet i samband med lønnssomhetsundersøkelse for fiskefartøy, antall dagar på havet, omsetning, mannskap etc., Eg trudde alt dette var tilgjengeleg via den elektroniske fangstdagboka.