Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Så då veit vi kva som skjedde i september i fjor: Arbeiderpartiet og Senterpartiet ville anerkjenne havbruksnæringa sin verdi og viktige rolle langs kysten ved å innføre ein særskatt på 40 prosent, noko som ville gitt eit samla skattepress på 80-100 prosent.

Olve Grotle er fiskeripolitisk talsperson i Høyre Foto: Anders Furuset

Stabilitet og føreseielege rammer

Lakseskatten blei vedtatt med eit tynt fleirtal i Stortinget, og havbruksnæringa får nå meir enn dobla skatten sin. Dette kjem i tillegg til den alt gjennomførte auken i formueskatt, utbytteskatt og innføring av ny arbeidsgivaravgift. Det vil gå ut over investeringar og arbeidsplassar, særleg langs kysten vår.

Stortingsrepresentant Rigmor Aaserud i Arbeiderpartiet har òg skrive innlegg i Fiskeribladet, og meiner tydelegvis at alle som ikkje støtta regjeringa sin skattepolitikk er uansvarlege og manglar mot. Høgre kunne ikkje støtte ein slik politikk i Stortinget, rett og slett fordi vi meiner at det samla skattepresset blir alt for høgt og at innrettninga har mange negative og utfordrande sider.

Arbeiderpartiet og Senterpartiet har i saka hevda at dei har vore opptatt av stabilitet og føreseielege rammer for havbruket. Men vi skal ikkje gå lenger tilbake enn til 2020, då begge partia var med på eit breitt politisk forlik om å etablere ei produksjonsavgift, etter forslag frå regjeringa Solberg.

Både Arbeiderpartiet og Senterpartiet var då var svært tydelege på at det ikkje var aktuelt å innføre grunnrenteskatt på havbruk. Men det skulle altså ikkje gå meir enn eit par år før dei snudde heilt om og har innført ein grunnrenteskatt på havbruk, som til og med har hatt tilbakeverkande kraft.

Eit moderat skattesystem

Regjeringa har argumentert med at dei er nøydde til å krevje inn meir skatt for å finansiere velferdstilbodet. Då Høgre sat i regjering reduserte vi skattane med 38 mrd, samstundes som vi utvikla velferdstilbodet. Også i vårt alternative budsjett for 2023 reduserte vi skattane samstundes som vi prioriterte opp dei viktigaste oppgåvene som forsvar, helse og folks privatøkonomi. Det er fullt mogleg å prioritere god velferd og eit moderat skattenivå for folk og næringsliv.

Venstresida i norsk politikk vel å saldere budsjetta med å auke skattane og sende rekninga til næringslivet. Dette kan resultere i mindre skatteinntekter til fellesskapet i framtida. Redusert konkurranseevne og bedriftseigarar som flyttar ut av landet vil gi lågare skattegrunnlag. Det styrkjer ikkje grunnlaget for velferdssamfunnet.

Høgre er oppteken av å sikre statens inntektsgrunnlag. Det gjer vi best gjennom eit moderat skattesystem som sikrar vekst og utvikling, og som bidreg til eit størst mogleg skattegrunnlag. Det er derfor vi ikkje støttar regjeringa sin uføreseielege og uansvarlege auke i skattane for næringslivet.