Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Jubileumsdagen starta med innlegg og debatt om framtida for norsk sjømat, før turen gjekk til Fiskeribladet/Intrafish sine redaksjons-lokale ved Bradbenken i Bergen og møte med dei 30 som arbeider der. I redaksjonslokala var det ope hus med fleire interessante innlegg om avisa si 100-årige historie. Den solfylte vårdagen blei avslutta med jubileumsfest på ekte bergensk vis med buekorps-mottaking og velsmakande sjømat.

Sprek 100-åring

For alle fiskeri-, havbruk- og sjømatinteresserte deltakarar og gjestar var det kjekt å konstatere at 100-åringen er stolt, sprek og klar for nye 100 år med den viktigaste næringa vår. Det var òg hyggeleg å konstatere at den største fiskeri- og havbruksbyen i kongeriket, sjølvsagt òg har det største, mest erfarne og allsidige medie- og journalistmiljøet innan sjømat.

Olve Grotle, fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson i Høyre Foto: Lena Knutli (arkiv)

Feiringa av at gamle «Fiskaren» er blitt 100 år, blei altså ein stor suksess. Eg kunne ha stoppa her, men kanskje var det møtet i redaksjonslokala som fekk meg til å tenkje litt journalist-kritisk. For kvar var representantane for sjømatnæringa? Burde ikkje dei òg delta i feiringa av ei avis som har levd av og med den marine næringa sidan 1923?

Rett nok var nokre representert til stades, men langt frå det ein kunne vente. Trass invitasjonar var nesten ingen toppleiarar eller majoritetseigarar i større og sentrale fiskeri-, havbruk- eller fiskeindustriselskap til stades under 100-årsjubileet.

For nokre skuldast det sjølvsagt at ein rett og slett ikkje fekk det til, og måtte prioritere andre ting. Ein annan og meir spøkefull forklaring kan vere at Fiskeribladet på leiarplass har stilt seg positiv til lakseskatten, og at det er forståeleg om det var ein og annan i havbruksnæringa som ikkje kjende seg heilt i festhumør til å kome på jubileumsfest.

Kva skuldast fråværet?

Dette kan likevel neppe forklare den manglande festdeltakinga. Når det gjeld saka om lakseskatten er eg rimeleg trygg på at det blir sett pris på at Fiskeribladet kan ha sterke og klare meiningar, sjølv om nok mange i havbruksnæringa kunne tenkt seg at avisa hadde hatt eit anna syn i den saka. Sjølv har eg vore usamd i avisa sine meiningar på lakseskatten på leiarplass, men meiner den redaksjonelle dekninga, det vil seie artiklar og intervjuer et cetera, har vore grundig og god.

Utan å overfortolke at nokre stolar stod ledige under jubileet, blir spørsmålet derfor om fråværet skuldast ei meir grunnleggande haldning til presse og media. Eller sagt på ein annan måte; at delar av næringa ikkje ser poeng eller verdi i å bruke tid på media.

Tanken og resonnementet er ikkje tatt heilt ut av lufta. I kontakten eg har hatt med journalistar det siste halvanna året, har eg nemleg fleire gangar fått høyre at det ikkje alltid er like lett å få sentrale og viktige sjømat-representantar i tale. «Dei uttaler seg først når dei er nøydd til det, og når det har oppstått ei krise som berre krev av dei kjem på banen», lyder gjerne omkvedet.

Om dette er sant veit jo eg ikkje, men berre det faktum at dette er ei oppfatning som fleire i mediemiljøet har tilkjennegitt, gir grunn for å reflektere litt om temaet.

Må stille opp i media

Sjømatnæringa er ei av dei viktigste distriktsnæringene vi har. Næringen er representert i heile landet, få næringar har vakse meir dei siste 15 åra, og potensialet for vidare vekst er stort. Den er Norges tredje største eksportnæring etter olje og gass, og i 2022 ble det eksportert 2,9 millionar tonn norsk sjømat for rekordhøge 151,4 milliarder kroner. Sjømatnæringa legg grunnlag for sysselsetting og verdiskaping i heile landet vårt, og den tilfører heilt nødvendig kapital, aktivitet og optimisme til svært mange lokalsamfunn langs kysten vår.

Ein slik unik posisjonen gjer at sentrale og leiande representantar i næringa òg blir oppfatta som viktige offentlege samfunnsaktørar og samfunnsutviklarar. I vår tid krev dette at ein må stille opp i media og i det offentlege rom, gjere greie for tilstanden, planar og utfordringar, og ta i mot ros og svare på kritiske spørsmål.

Etter mitt syn vil dette òg vere eit klok tilnærming, noko den nemnde lakseskatten har illustrert godt. Dei siste månadane har nemleg lært oss at elles kompetente fag-miljø manglar djupare forståing for kompleksiteten og viktige sider ved havbruksnæringa. Mot dette hjelper berre fakta og kunnskap, og eg trur mange i næringa er samde om at ein framtida derfor må vere meir offensiv og synleg i det offentlege ordskiftet.

På dei fleste område er næringslivet og media gjensidig avhengig av kvarandre for å vere gode. Næringane tener på positiv omtale og (i lengda) kritiske blikk, samtidig som journalistar må vere nær næringane for å kunne gi gode, riktige og innsiktsfulle reportasjar og kommentarar. Slik er det òg med sjømatnæringa og dei som lever av å skrive om denne fantastiske næringa.