Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Eg vart kontakta av ein eldre autolinereiar som ønskte at eg skulle skrive ein liten artikkel om eit problem som opptek han, og som har oppteke han lenge- det sa eg ja til.

Knut Arne Høyvik Foto: Privat

Auka fangstane

På slutten av 1980-talet tok autolineflåten i bruk liner med svivel. Det har vore ulike typar svivlar i bruk gjennom åra, men i dag bruker dei største autolinebåtane ein nesten lik type av stål (sjå bilde). Stopparane for svivelen er festa inn i linetauet. Liner med svivel auka fangstane veldig mykje då vi tok dei i bruk.

«Svivlane er laga av «edelt metall» og vekta på svivlane pr. line er ca. 2 kilo.

Når ein veit at ein moderne autolinebåt har 400 liner om bord er det fleire hundre kilo med «edelt metall» på eit linebruk. Etter at linene er utslitne har dei i dag null verdi.

Min informant kontakta eit firma og spurde om dei kunne gjere noko med dette. Men dei måtte berre beklage, dei hadde ikkje ei løysing for å fjerne svivlane frå tauet.

Gjenbruk av stål og tau

Han fortel at alt som er brennbart blir i dag brent i forbrenningsomn om bord. Oska blir samla opp og levert til land. Alt som ikkje kan brennast, som metall og liknande, blir levert hos losseterminalen. Alt som dei får opp på lina, av gammal vegn, garn, trålvaier bitar av nøter, og tau/line, blir samla i sekkar og levert gjennom prøveordninga Fishing for Litter.

Dersom nokon kan utvikle ein metode for å skilje stålsvivlane frå linetauet vil ein oppnå gjenbruk av stålet, men også av tauet.

Tau med svivel kan ikkje brukast til anna enn liner. Greier ein derimot å fjerne svivlane frå tauet, oppnår ein to ting; Stålet kan leverast til gjenbruk, og tauet utan svivel har ein verdi som bruk til ting som ikkje krev så sterkt tau.

Treng ei god løysing

I dag brukar også kystflåten liner med svivel, men litt ulike typar.

Det er med andre ord store mengder bruk som blir skifta ut, og som enten ligg på sjøhusa langs kysten, eller blir levert som boss.

Min informant vil utfordre både private selskap og styresmaktene for å sjå om nokon kan kome opp med ei god løysing på dette miljøproblemet.