Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Me hadde eit godt system med fritt fiske som regjeringa Gerhardsen, på grunn av manglande fagkompetanse, industrialiserte med gjeninnføring av trålfiske. Noko som etter kort tid bidrog til den øko-katastrofa som ramma Barentshavet og Norskehavet på slutten av 1980-talet med nedfisking av dei viktigaste fiskeslaga.

Knut Vadla, fiskarbonde, lærar og blåskjeldyrkar Foto: Privat

Den statlege utbygginga av trålarflåten blei eit talande eksempel på sjølvundergraving.

Bremsene måtte setjast på, og fiskekvotar innførast. Trålarane fekk halda fram, mens masse sjarkfiskarar blei utestengde frå fiske.

Så drista ein utru trålreiar seg til å selja den store verdfulle kvoten han hadde til låns av fellesskapets fiskeressursar. Dermed var noregshistorias desidert største langsame ran i gong.

Den største katastrofen

Alle veit jo at me har ikkje lov å selja det me har lånt. Kjøp og sal av fiskekvotar har me ikkje bruk for. Det tenar berre kapitalkreftene.

Dette er den største katastrofen som noko sinne har ramma norske fiskeri.

Deltakarloven er ettertrykkeleg neglisjert. Dagens fiskeripolitikk kviler fylgjeleg på ei kriminell handling av dimensjonar. All kapitallaus ungdom er utestengd frå denne kvoteadelen, som dessutan har fått frie hender til å tilrana seg å mykje kvotar dei evnar.

Så i dag disponerer denne flåten nær halvparten av den norske torsken. Småsjarkane som er utafor dette systemet fiskar i dag på restane av ein samlekvote.

Ikkje bruk for kysten

Forskarane i FN-rapporten «In dead water» som kom i 2008 fastslår at trålen er den verste fiskereiskapen som blir brukt. Dei tilrådde FNs generalforsamling å forby trålfiske i heile verda.

Trålarane går langt til havs og fangar halvvaksen fisk i oppvekstområdet til fisken.

Dei øydelegg korallreva, drep masse yngel og småfisk. Trålaren brukar dessutan fire til seks gonger så mykje diesel som det sjarken brukar pr. kilo fanga fisk.

Trålfiske blei innført att fordi dei trudde trålarane ville vera meir stabile råstoffleverandørar til fiskeindustrien på land. Men i dag er dei tvert imot i hovudsak fritekne for leveranse i Norge. Dei leverer fisken i frosen tilstand til bearbeiding i utlandet, og har faktisk ikkje bruk for vår kyst.

Folkets eigedom

Det vil vera ein vinn-vinn-situasjon om me avviklar trålfiske, og tilbakefører fiskeressursane til den kystnære sjarkflåten. Det vil kunna gi tusener av nye arbeidsplassar på vår kyst. Med eit meir miljøvennleg fiske ville me kunna ta på land fleire gonger å mykje fisk som me gjer i dag, kanskje som estimert: Seks gonger så mykje.

Me går garantert inn i ei framtid med stort behov for nye arbeidsplassar. Me har alle ein kropp som treng mat og mosjon. Ingen plass er det mogeleg å skapa så mange gode meiningsfulle arbeidsplassar som i småskaladrift i primærnæringane på sjø og land.

Om ikkje våre myndigheiter forstår dette og er villige til å ta styringa, vil heile vår kystkultur om kort tid vera utradert. Kysten er busett på grunn av ressursane, og fisken er ennå folkets eigedom.

Kor mange vil vel bu på ein kyst reinsa for ressursar?