Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Bakgrunnen er dei komande nordiske kosthaldsråda, som skal bidra til å forme dei norske råda. Der ligg det an til at kjøtt blir utropt til klima- og folkefiende nummer éin. Eg er opptatt av det globale klimaet.

Men vi kan ikkje hoppe bukk over det norske klimaet og dei grensene dette set for norsk matproduksjon. Norsk landbruk er ikkje som industrialisert landbruk i USA eller Tyskland.

Jenny Klinge Senterpartiet. Foto: Facebook

Fisk og kjøt

Fiskeribladet bør også bli bekymra når nye kosthaldsråd kan føre til at massive mengder dyrkamark og beitemark langs kysten gror att.

Det vil vera forringande for dei gode folka som arbeider i fiskerinæringa òg dersom lokalsamfunn og landbasert matproduksjon blir utarma.

Sjølv er eg oppvaksen med like mykje fisk som kjøtt i måltida og er like glad i begge. Far min var sjømann og fiskehandlar før han tok over eit sauebruk det året eg vart fødd. I 1987, året etter Tsjernobyl-ulykka, starta han like godt eit lakserøykeri i den eine siloen og la ned drifta med sau på grunn av alt prakket med reinfôringa. Den gong som no var det meir pengar i fisken enn i kjøttet.

Haldningar eg aldri har uttrykt

Verdiane våre og forståinga av verkelegheita er viktig, også i politikken. Begge foreldra mine vaks opp under krigen og formidla godt til oss ungane verdien av norsk mat og matberedskap til havs og til lands.

Derfor blir eg oppriktig forundra når Fiskeribladet bruker spalteplass på å kritisere meg for haldningar eg aldri har uttrykt.

Når det er norsk landbruk som blir trua, er det jo ikkje naturleg å gå til forsvar for norsk fisk. Derfor har eg ikkje gjort det i debatten om dei komande nye kosthaldsråda.

Pussig nok går Fiskeribladet til angrep på norsk kjøtt, som om fisk og kjøtt er motsetnader.

Gras er ikkje menneskemat, men det er nettopp grasmark det er aller mest av i vårt kalde og karrige land. Drøvtyggarane ku, sau og geit omdannar dette graset til verdifull mat til oss menneske i form av kjøtt og mjølk.

Det er trist at Fiskeribladet - utan å ha vitskapeleg belegg for det - vel å framstille auken i fedme hos nordmenn som skapt av auka kjøttforbruk. Sidan slutten av 70-talet har nordmenns inntak av kjøtt frå drøvtyggarane vore om lag stabilt. Auken i kjøttforbruk kjem hovudsakleg frå kylling. Og eg er ikkje bekymra for kyllingproduksjonen.

Vi kan eta langt meir fisk

Eg peikar på at gras- og beitemarka vil gro igjen dersom misforståtte kosthaldsråd gjer at folk sluttar å eta kjøtt frå kua, sauen og geita. Berre i overkant av ein halv promille av energiinntaket til nordmenn er frå fisk per i dag. Vi kan definitivt eta langt meir fisk utan å redusere kjøttforbruket frå norske drøvtyggarar.

Vi kan også dyrke meir frukt og grønt, men proteinhaldige plantevekster har ikkje gode vekstvilkår hos oss. Derfor er vi avhengige av proteinet frå norskprodusert kjøtt, fisk, mjølk og egg i kosten vår. Vi må ha ein jamn nasjonal matproduksjon som gjer at vi kan overleva også når krisene stoppar importen.

Feilaktige påstandar

Fiskeribladet påstår at vi no et «nesten 80 kg» kjøtt per person, Dette er berre tøv, for påstanden er basert på det såkalla engrosforbruket. Det vil seie totalt forbruk av slakt pr person, altså inkludert skjelettet, avskjær og biprodukt. Reelt forbruk av spiseleg kjøtt var på rundt 54 kg i 2021.

Fiskeribladets leiarartikkel inneheld så mange feilaktige påstandar at eg er freista til – i ein spøkefull tone - å lure på om redaktøren har ete for lite raudt kjøtt og dermed slit med symptom på jarnmangel.

Fisk er viktig for matsikkerheita vår. Vi må ta vare på sårbare havområde når desse er pressa av aktivitet som kan skade økosystema og fiskebestandar. På same måte må vi ta vare på landbruksjorda, som dessverre veks att ekstremt fort – og som går tapt - dersom ho ikkje blir brukt.

Matberedskap handlar om å tenke langsiktig, og absolutt ikkje om å noko anten-eller. For både fisken og kjøttet er viktige for beredskapen i hav- og graslandet Norge.