Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Raudt Sogn og Fjordane vil med dette protestere mot Olje- og energidepartementet (OED) sitt forslag til innskrenkingar i retten til innsyn i prekvalifisering og tildeling av prosjektområde for vindkraft til havs.

Grunngjevinga frå OED reknar med at søknadar vil innehalde opplysningar underlagt teieplikt og at det vil vere urimeleg arbeidskrevjande for departementet å skilje ut informasjon som er underlagt teieplikt.

OED skriv i høyringsnotat at utan å ha sett ein søknad, så reknar dei med at det er grunn til at heile søknaden kan unntakast for innsyn frå offentlegheita. Derfor vil dei ha endringar i offentleglova og forskrift til havenergilova.

OED spår at det vil komme mange krav om innsyn og det kan føre til lenger sakshandsbehandlingstid. Grunngi juridisk innskrenking av innsynsretten, med at OED skal ha ei lettare sakshandsaming er langt over grensa til seriøs forvaltning.

Ikkje minst i ei tid då tillit til politiske myndigheiter er tynnsliten grunna habilitet osv., er det feil av OED å foreslå innskrenkingar på innsynsretten.

Staten skal bruke milliardar av subsidiar på ei ny næring og då trengst det at offentlegheita får vite at saksbehandling er transparent, korrekt og innafor lovverket.

Både miljø- og interesseorganisasjonar, fiskeriorganisasjonar, politiske parti og ikkje minst media må ikkje stengast ute frå slik informasjon.

Raudt seier eit klart nei til å stenge for innsyn og vil ha opne prosessar i forvaltninga om havvind.