Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Mitt standpunkt har ei enkel forklaring, eg kjenner havstykket og veit kor utfordrande det kan vere i dårleg vêr.

Det er nemleg ikkje alle som jublar for Stad skipstunnel her lokalt, det må ein berre akseptere. Dei som av ein eller anna grunn trur at pengane som blir sparte dersom ein ikkje bygg tunnelen, blir brukt på andre samfunnsinvesteringar her hjå oss, kjem uansett til å bli skuffa.

Vi har mange krevjande havstykke langs kysten: Østhavet, Lopphavet, Vestfjorden, Frohavet og Hustadvika, for å nemne nokre.

Men det er berre ein plass vi kan gjere ein bypassoperasjon, og leie skipstrafikken inn i smult farvatn, og det er ved Stad. I seg sjølv er det eit veldig godt argument for å gjere akkurat det.

Det er god butikk for den maritime nasjonen Norge og gjere denne bypassoperasjonen gjennom denne halvøya, som stikk ut og tek i mot dei fleste stormane som råkar landet vårt. Og som mange dagar i året både forseinkar og hindrar skipstrafikken.

Men prosjektet liknar meir og meir på ein treg seglas rundt Stad, med full storm rett i baugen.

Reknemeistrane har vore mange, og dei slit med rekne seg inn i smult farvatn.

Akkurat no ser det ut som ei likning med fleire ukjende, og politikarane ber om stadig mykje reknestykke. Eg har ein mistanke om at dei ikkje gir seg før dei har lagt prosjektet i skuffa for godt, til ståande applaus frå kommentatorane i Akersgata.