Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Eit internasjonalt forskarteam med 26 forskarar, leia av Enric Sala, har i mange år forska på livet i havet. 17. mars 2021 publiserte forskingstidsskriftet «Nature» deira artikkel «Protecting the global ocean for biodiversity, food and climate». Same dag blei artikkelen omtala i «New York Times» og «The Guardian». Overskrifta i «The Guardian» var «Botntråling slepp ut like mykje CO₂ som flytrafikken i heile verda».

Knut Vadla, fiskarbonde, lærar og blåskjeldyrkar. Foto: Privat

«The Guardian» publiserte også ein statistikk over dei 10 landa i verda som årleg slapp ut mest CO₂-ekvivalentar ved botntråling, basert på tal frå Sala et al. Noreg var på 8.-plass over verstingane i verda, med eit årleg utslepp på 26,1 millionar tonn.

Trugar livet i havet

Det er når korallrev og havbotn blir øydelagd av botntråling at enorme mengder lagra CO₂ blir sleppt ut i havet. Den auka surhetsgraden trugar livet i havet og reduserer havet si evne til å absorbera CO₂-ekvivalentar frå atmosfæren. Fleire forskarar har kommentert utsleppstala frå Sala et al. og påpeika at det førebels er vanskeleg å måla heilt nøyaktig den del av karbondioksid (kjemisk formel CO2). frå havbotnen som endar i atmosfæren.

Det kan likevel ikkje vera tvil om at utsleppa er veldig høge. Og at det blir feil å utelata registrering av desse CO₂-utsleppa heilt frå klimarekneskapen.

I dag er berre 7 prosent av havet verna, og mindre enn 3 prosent har høgt vern. Sala et al. dokumenterte at botntråling årleg pløyer opp 2,6 millionar kvadratkilometer av havbotnen. Dette er eit område 1,5 gonger større enn landområdet til India. Og dette skjer årleg. Korallrev som treng hundrevis av år for å vaksa opp igjen, blir øydelagde. Det er «husa» til fisken som blir øydelagde. Fiskeyngel, fisk som er for liten til å selja, og anna liv på havbotnen blir drepe. Det er estimert at med ei meir miljøvennleg forvaltning av havet ville me truleg kunna ta på land opptil seks gonger så mykje fisk som me tek opp i dag.

Imot botntråling

I fleire land er det ei aukande merksemd på skadeverknadene av botntråling.

Ei spørjeundersøking utført i september 2022 av Naturfredningsforeningen i Danmark, viser at 3 av 4 danskar er imot botntråling i havet omkring Danmark. I Noreg går føre seg derimot botntråling for fullt utan særleg merksemd frå ålmenta, frå Storting, Regjering eller frå natur- og klimaorganisasjonar.

EU-kommisjonen arbeidar med å utvikla ein «Aksjonsplan» for å beskytta fiskeressursar og marine økosystem, som del av EUs «Strategi for biologisk mangfald 2030». Men kapitalkreftene er sterke, og trålarmilliardærar i 14 EU-land etablerte EBFA (European Bottom Fisheries Alliance) i 2022 for å hindra eit mogeleg EU-forbod mot botntråling.

Kirsten Engelstad, tidlegare riksbibliotekar, no forleggjar. Foto: Privat

Mektige milliardærar

Også i Noreg er trålmilliardærane mektige – eit resultat er ulovlege kjøp og sal av fiskekvotar og av at Deltakarloven er ignorert. Ifølge statistikken frå Fiskeridirektoratet av 16. februar 2023 er maktstrukturen slik: 5100 fartøy i merkeregisteret fiska for 29 milliardar kroner i 2022.

Av desse 29 milliardar kroner, fiska dei 200 trålarane på toppen av lista for 20 milliardar kroner og landa i gjennomsnitt fisk og skaldyr for hundre millionar kroner kvar. Dei andre 4900 fartøya fiska i gjennomsnitt for 1,8 millionar kroner kvar.

Noregs totale registrerte utslepp av CO₂- ekvivalentar var ifølge Statistisk sentralbyrå på 48,9 millionar tonn i 2022. Dersom me legg tala frå Sala et al. til grunn, var dei registrerte norske utsleppa av CO₂- ekvivalentar frå botntråling på 26,1 millionar tonn årleg. Desse uregistrerte utsleppa utgjer ca. 1/3 av dei totale norske utsleppa.

Dei er mest like store som dei registrerte utsleppa i 2021 på til saman 27,9 millionar tonn CO₂-ekvivalentar frå norsk innanlands industri og bergverk (11,7 millionar tonn) og vegtrafikk (8,7 millionar tonn) og luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar m.m. (7,5 millionar tonn). Noreg kan altså nå sine mål for for klimakutt dersom Regjeringa forbyr botntråling.

Meir kystfiske

3. oktober, før statsbudsjettet for 2024 blei framlagt, sa statsminister Jonas Gahr Støre til Aftenposten: «Nå har vi en grundig og truverdig plan for å nå våre klimamål fram til 2030.» Klimamåla skal ein nå med kutt på 6,4 millionar tonn CO₂-utslepp innan 2030, blant anna ved å heva drivstoffavgifter for bensin og diesel ytterlegare og auka innblanding av biodiesel.

Eit forbod mot botntråling kunne ha betydd eit kutt ca. fire gonger større enn Regjeringa sitt framlegg i Statsbudsjettet. Dessutan ville satsing på eit meir kystnært sjarkfiske då fisken som vaksen kjem inn for gyting, ført til langt større mengder fanga fisk og tusenvis gode meiningsfulle arbeidsplassar med nytt liv til ein rasert kystkultur. Betre kan me ikkje investera.

Det vil kunna bli ein vinn-vinn-situasjon for klima, for livet og miljø i havet og for folket på kysten. Med avvikling av det ulovlege kjøp og sal av fiskekvotar vil dessutan heile det norske folk få billegare fisk.

Noreg si kystlinje er den nest lengste i verda, vårt fastlandareal er det 8. største i Europa, og vårt havområde er så stort at cirka 9/10 av Noreg ligg under havet. Me burde føla eit spesielt ansvar for ein politikk som samsvarar med FNs bærekraftmål nr. 14 «Livet i havet», nr. 13 «Stoppa klimaendringane» og nr. 11 «Bærekraftige lokalsamfunn».

Me må fri oss frå kapitalens jerngrep, ta heile landet i bruk og satsa på ei naturvennleg forvaltning av våre fantastiske fiskeressursar langs vår langstrekte kyst.