Fiskeridirektoratets nye båt MS «Fjorgyn» vart i midten av mai ferdig utrusta ved verftet Oma Båtbyggeri As på Stord.

Det skriv Fiskeridirektoratet i ei melding.

Skal brukast til kontrolloppdrag

Dei er no i gang med testing før fartøyet formelt blir overlevert. Etter nokre månader med testing skal «Fjorgyn» inn i ordinær operativ teneste.

«Fjorgyn» vil inngå i Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste som har heile kysten og norske havområder som arbeidsfelt.

– Båten skal brukast til kontrolloppdrag, og skal i tillegg fungere som vertsbåt for ulike forskingsoppdrag og til ulike oppdrag knytt til opprydning av havbotnen. Den vil bli ein svært effektiv tilvekst til den flåten vi alt disponerer og gir oss ein mykje større aksjonsradius, sier leiar for Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste, Rolf-Harald Jensen i meldinga.

MS «Fjorgyn»
  • Byggeår: 2022
  • Største lengde: 41,04 meter
  • Breidde: 10,6 meter
  • Djupn: 3,67 meter
  • Fire motorar på 1200 HK kvar
  • Hybrid framdrift – diesel og batteri
Kilde: Fiskeridirektoratet

Breitt bruksområde

Fiskeridirektoratet skriv i meldinga at dei ulike bruksområda til båten vil bidra til meir kunnskap om havet, som både forvaltninga og næringane vil ha nytte av.

– Båten er ikkje formelt overtatt enno. Så langt har det kun vore småting vi har meldt tilbake, og det virkar veldig lovande. For Fiskeridirektoratet vil dette fartøyet betyr eit solid skritt oppover og vil gi oss endå betre muligheit til å oppfylle oppdraget vårt, sier Jensen vidare.

Båten er eigd av reiarlaget Norled, men er leigd av Fiskeridirektoratet i åtte år, med opsjon på inntil to år til. Den er utstyrt med blant anna hybrid framdrift, både luft- og undervassdroner, infraraude kamera for effektive søk, og det er eit godt utstyrt laboratorium om bord som vil bli brukt av både Fiskeridirektoratets eigne folk og ulike gjesteforskarar som har oppdrag om bord.

Bemanning på seks personar

Båten må ifølge direktoratet til ei kvar tid vere bemanna med fire personar; skippar, maskinist og to inspektørar. Skippar og maskinist er tilsett i Norled, medan inspektørane er tilsette i Fiskeridirektoratet.

– Ordinær bemanning er seks personar. I tillegg til sikkerheitsbemanninga på fire personar vil det vere to inspektørar i tillegg. Det kan i ein overgangsfase betyr at vi har mindre ressursar på andre områder som Sjøtjenesten skal dekke. Men på den andre sida vil denne båten kunne gjere kontroll av fiskebåtar på feltet meir effektiv, seier Jensen.