På brua er det romsleg og fleire sittegrupper. Panoramautsikta går frå Bryggen på den eine sida til Vågen på den andre.

Det er ikkje ofte brønnbåten «Hordagut» ligg til kai utan at det skal gjerast større eller mindre reparasjonar, men denne dagen var ekstra spesiell.

I starten av desember blei både «Hordagut» og «Horda Pioneer» døypte på Bryggen i Bergen. Intrafish fekk koma om bord og sjå korleis mannskapet bur og jobbar på den nesten 83 meter lange brønnbåten.

Starta på heilt ny båt

Stian Alvsvåg (41), kaptein på brønnbåten «Hordagut», har over ti års erfaring på brønnbåtar, men for matros og motormann, Simon Aakre Pedersen (24), er brønnbåtkarrieren ganske fersk.