– Det er artig og positivt at han er med, han er ein fin fyr og gjer ein god figur på tv, seier Salmar-leiar Frode Arntsen om Norges tøffeste-vinnar Styrk Eriksen (20) til Intrafish.

– Trur du det har gitt han ein fordel at han jobbar på merdkanten?

– Ja, iallfall at han er vant til tøffe forhold, tøffe arbeidsdagar og utfordrande arbeidsoppgåver, der ein må vere løysingsorientert, sier Arntsen til Intrafish.

Vi snakkar med Arntsen dagen før finalen – og altså før vi veit at Eriksen faktisk vinn heile konkurransen. Salmar-sjefen seier då at han trur vinnarsjansane også avheng litt av kva øvingar som kjem i det siste programmet.

– Men han verkar å vere bra uthaldande, og har eit sterkt hovud, seier han.

Det fekk Arntsen heilt rett i - for Styrk heldt hovudet kaldt og klatra heilt til topps i konkurransen torsdag kveld.

Konsernsjef Frode Arntsen i Salmar. Foto: Bent-Are Jensen (arkiv)

Dagen derpå

Trass i at det er morgonen etter det blei klart at han stakk av med sigeren i Norges tøffeste, tar 20-åringen tid til ein prat med Intrafish fredag morgon.

Finnmarkingen melde seg på NRK-programmet då han sat på jobb på båt i lag med kollegaer og såg på andre slite seg gjennom dei ulike oppgåvene. Då tenkte han at det kunne vel ikkje vere så vanskeleg, og sende inn søknad.

Det blei likevel mykje hardare enn han hadde sett for seg – men sjølvtillita då han melde seg på om at han kunne ha ei moglegheit til å vinne, skulle vise seg å stemme ganske så bra.

– Trudde du at du kom til å vinne?

Han ler litt.

– Nei, ikkje i byrjinga, men før eg gjekk inn, var eg sikker. Men etter nokre harde konkurransar byrja eg å tvile, så sjølvsikkerheita har gått opp og ned, fortel Styrk Eriksen.

Foreldra visste ikkje

Torsdag såg han finalen på ein uteplass i Hammerfest, Slakteriet, i lag med familie, vener, kjente og ukjente.

– Det var uteplassen som laga arrangementet og la det ut på Facebook, og så tenkte vi i familien at vi kan no dra dit og ete og sjå. Det var sinnssjukt mange folk, kanskje nesten hundre. Eg trudde ikkje at det var så mange som skulle kome og sjå, seier ein glad Eriksen.

Det var mange som hadde møtt opp for å sjå Eriksen i finalen. Her er han i lag med bestemor. Foto: Privat

Sjølv om det er fleire månadar sidan programmet blei spelt inn, er det eit fåtal som har visst at han faktisk vann.

– Det var digg at folk no endeleg kunne sjå kor langt eg kom. Mamma og pappa visste det ikkje, og dei ville heller ikkje vite, dei ville sjå det på tv. Dei blei skikkeleg stolte og glade, fortel han.

Tredje på rad

Eriksen er no tredje vinnar på rad som jobbar med fisk, og andre på rad som jobbar på merdkanten.

– Det er veldig kult, og det kan jo seie litt. At det å ha ein tøffare kvardag kan gjere psyken sterkare, det må jo vere noko i det, seier han.

Tøffe tak i finalen. Foto: Erlend Laanke Solbu

Det beste med deltakinga, har ifølge Eriksen vore heile opplevinga i seg sjølv, og folka han møtte. Og det mest utfordrande?

– Å halde hovudet og sjølvtilliten opp. Å prøve å jobbe med hovudet, og ikkje gå heilt ned i kjellaren, seier han.

Sjølv om han ikkje har fått med seg absolutt alle episodane, kan konsernsjefen i Salmar bekrefte til Intrafish at han har følgd med på Norges tøffeste i år.

Arntsen fortel at det har vore litt snakk internt i selskapet om at dei har ein mann med i programmet.

– Folk synest det er stas at det er ein frå Salmar med, så det har vore artig for mange tilsette.

Tidlegare har det kome fram at Eriksen no planlegg å slutte i oppdrettsnæringa, for å bli brannmann.

Styrk Eriksen flyttar no sørover både for nye studier, men også for å flytte i lag med kjærasten Rebecka Andersen, som også var deltakar i programmet. Foto: Erlend Laanke Solbu

– Kva synest du om han er på veg ut?

– Vi ønsker jo så klart at alle unge positive, flinke folk skal bli i næringa, men viss han har ønske om det, så må folk få følge draumane sine. Så det må vi berre vere opne for, seier han og legg til:

– Og så kan det jo vere han kjem tilbake seinare.

Styrk Eriksen etter sigeren. Foto: Erlend Laanke Solbu

Fekk melding frå sjefen

Fredag har uansett Norges tøffaste-vinnaren fri frå jobb, og planen er å trene og slappe av.

Eriksen seier til Intrafish at han generelt har fått gode tilbakemeldingar frå fleire av kollegane i Salmar, og at det er kjekt å få skryt frå øvste hald.

– Frode sende meg melding og sa at han gler seg til å sjå tatoveringa til Kim, og alle på jobb har sendt gratulasjonar, fortel han.

Til NRK har ein kollega nemleg fortalt at han har lova Eriksen å tatovere namnet hans viss han gjekk av med sigeren.

Ja, så det blir tatovering på han no?

– Han har jo sagt det på NRK, så no må han nesten, seier Eriksen.