Helge Møgster lener seg over det store bordet i styrerommet. Den eine neven held godt fast i eit oransje pappkrus med kaffi i. Den andre neven slår i bordet.

– Høyr her. Eg har halde på med dette i meir enn 40 år. Viss ein ser oss over dei 40 åra, kan ein ikkje seie at det er superprofitt me held på med. Det er det ikkje i dag heller. Det er mange gonger me har vore på nippet til å seie at dette skal me ikkje drive på med.