I ei pressemelding opplyser Fiskevegn at Magne Fure (44) vert ny dagleg leiar i selskapet.

Fure som er oppvaksen og busett i Selje, har ei lang karriere bak seg i Equinor.

– Vi er glade for at Magne har takka ja til denne jobben. Fure vil også få ansvar for Best Fishing Gear AS, Storvika AS og Flatraket Industribygg AS. Og dessutan Fiskevegn sin del av Magistr Fiskevegn Group (MGF) i Latvia, seier styreleiar Hans Mustad i meldinga.

Fure erstattar Håkon Holen (58) som vart tilsett som dagleg leiar i selskapet i 2019.

– Blir spennande

Fure starta som kokk i 2005, vart så forpleiingsleiar, deretter logistikkleiar på ulike plattformer og no er han leiar for planvedlikehaldsavdelinga på Kvitebjørn-plattforma i Nordsjøen, opplyser selskapet. Fure har også erfaring frå prosjektarbeid i Sør-Korea, Nederland og Storbritannia. Han har og erfaring frå jobb på linebåt. Han har ein bachelor i økonomi og administrasjon og ei mastergrad i offentleg leiing og styring.

– Eg og ser verkeleg fram til å ta fatt på jobben. Det blir spennande å kunne vere med å vidareutvikle eit lokalt selskap med eit sterkt merkenamn og ei lang og imponerande historie, seier Fure som formelt overtek stillinga 1. desember.

Fiskevegn har 45 tilsette og omsette i 2020 for 112 millionar kroner. Fiskevegn er ein stor produsent av linesystem og fiskereiskapar, dei leverer og utstyr til havbruksnæringa og offshoresektoren.

Både Fiskevegn og Best Fishing Gear har hovudkontor og fabrikk på Flatraket i Stad Kommune. Fiskevegn har salsavdeling i Ålesund, ein joint Venture i Latvia med om lag 85 tilsette i fabrikken, og dessutan distributørar i USA, Canada og Australia/New Zealand.