Sidan starten av desember har Lerøy Havfisk søkt etter tre vikarar på kombitrålarane «Kongsfjord» og «Doggi». Alle tre hadde ein frist på under eit døgn.

– Eg er veldig glad for at det løyste seg fort. Det var imponerande at HR-avdelinga i samarbeid med skipperen klarte å få det til, det må eg seia. Det tydar på at dei som jobbar med dette er på hogget, seier Ronny Vågsholm, driftsdirektør i Lerøy Havfisk til Fiskeribladet.

Med mannskapsbyter på fleire båtar er det ikkje uvanleg at det kan oppstå utfordringar, seier Vågsholm.