– Eg likar å vera ute på sjøen og eg trivast der. Eg har vakse opp med å vera på sjøen, også fordi begge foreldra mine jobbar på havet. Eg har fått det litt inn via dei.

Det seier Julie Dortea Forland (17). Ho har søkt seg inn på fiske og fangst på Austevoll vidaregåande skule til hausten. Det er det fleire som har gjort.

1. mars gjekk søknadsfristen for dei som søkjer vidaregåande skole ut. Søkarstatistikken til Utdanningsdirektoratet syner at talet på søkjarar til sjømatnæringa ikkje har vore høgare sidan 2012, og der stoppar statistikken til Utdanningsdirektoratet.