Olav-Andreas Ervik har dei siste åra gått frå ein travel jobb i Salmar – til ein travel jobb i Utror.
Men det er ikkje berre på arbeid det har vore krevjande.
Det kjem vi tilbake til.
– Eg hadde ikkje flytta til Nord-Noreg utan at eg hadde vore glad i å vere i naturen, seier Ervik til Fiskeribladet sin søsterpublikasjon Intrafish.
Han brukar mykje tid utandørs. Spring på fjellet. Går på ski. Syklar.
– Eg er ute så snart eg har anledning.