I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å innføre ei ny avgift på 100 millionar frå fiskerinæringa.

Vestland FrP meiner at det er fleire grunnar til at det er ein dårleg ide no å innføre ei ny avgift og vil derfor anbefale stortingsgruppa å gå mot dette i revidert nasjonalbudsjett, skriv lokallaget i ei pressemelding tysdag.

«Regjeringa har i mellomtida frå stortinget sa nei til den statlege kvotebanken fremma ei klimamelding der dei varslar både ei kraftig auke i co₂-avgifta kombinert med utfasing av kompensasjonsordning. I sum er dette svært kritisk for fiskerinæringa», skriv Vestland Frp.

Vestland FrP ber stortingsgruppa utsette eller hindre innføringa av fiskalavgifta, og dessutan kjempe mot den kraftige auken i co₂-avgifta.