Onsdag ettermiddag la regjeringa fram si satsing på havvind på ein pressekonferanse.

I ei pressemelding opplyser regjeringa at dei no legg til rette for å realisere første fase av havvind frå Sørlige Nordsjø II. Krafta frå feltet skal sendast i kabel til det norske fastlandet. Det blir også lagt opp til at auksjon skal vere hovudmodell for tildeling av areal til havs.

– Rimeleg kraft

– Dette er ei løysing som aukar krafttilførselen til Sør-Noreg, seier statsminister Jonas Gahr Støre i pressemeldinga.

Målet for regjeringa er å legge til rette for at Noreg har rikeleg med fornybar og rimeleg kraft. Dette skal vere eit fortrinn for norsk industri og gi verdiskaping og sysselsetting i heile landet, skriv regjeringa.

Første fase av Sørlige Nordsjø II vil vere på 1500 megawatt. Det svarer til om lag 7 terrawattimer i året, altså kraftforbruket til om lag 460.000 norske hushald.

Ulike nettløysingar

Regjeringa opplyser at når det gjeld den andre fasen av Sørlige Nordsjø II, som også er på 1500 megawatt, vil regjeringa ta stilling til korleis den skal koplast til nettet etter at det er gjennomført ei utgreiing av ulike nettløysingar for vindkraft til havs og kva effektar dette vil ha på kraftsystemet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal gjennomføre utgreiinga i samarbeid med Statnett, viser regjeringa til.

Utgreiinga skal også sjå på konsekvensane for kraftsystemet av ulike nettløysingar for vindkraft til havs med kopling til Noreg og/eller utlandet. Det er i tilfelle der det ikkje er lagt til rette for nye mellomlandsforbindelsar som aukar eksportkapasiteten frå Fastlands-Noreg. Oppdraget vert sendt til NVE onsdag og vil vere ferdig i løpet av hausten.

Ønskjer innspel

Olje- og energidepartementet opplyser at dei sender høyringsforslag til inndeling i utlysingsområde for både Utsira nord og Sørlige Nordsjø II.

«Inndelinga tek omsyn til både miljøverdiar og sameksistens med andre næringsinteresser. Departementet ønskjer innspel frå havvindnæringa, andre brukarar av områda og andre interesserte på eventuelle justeringar av områda og kva område som er best eigna», står det i meldinga.

Auksjon for tildeling av areal

Regjeringa viser til at auksjon skal vere hovudmodell for tildeling av areal til fornybar energiproduksjon til havs. Olje- og energidepartementet går no i gang med å utvikle ein auksjonsmodell som gjer at første fase av Sørlige Nordsjø II lar seg realisere.

«Regjeringa vil no gå vidare med regelverksendringane om auksjonsløysing og arealtildelingsprosess som var på høyring sommaren 2021, og vil i løpet av våren fremje ein lovproposisjon for Stortinget med endringar i havenergilova og fastsette endringar i havenergilovforskrifta», heiter det i meldinga.